Fysikalsk medisinsk sengepost Ålesund

Fysikalsk medisinsk sengepost er ein del av felles sengepost for fysikalsk medisin og revmatologi, som har totalt 20 senger der 14 er knytt til rehabilitering og seks til revmatologi.

Les meir om Fysikalsk medisinsk sengepost Ålesund

Fysikalsk medisinsk sengepost Ålesund

Rehabiliteringssengeposten yter spesialisert rehabilitering til pasientar med nytilkomne funksjonstap eller vesentlege endringar i funksjon. Spesialisert rehabilitering har fokus på meistring og auka eigenaktivitet.


I tillegg til det døgnbaserte tilbodet, har avdelinga eit gruppebasert seinfasetilbod til personar med erverva hjerneskade (Hjerneskolen) og lærings-og meistringskurs for pasientar med MS (MS-skole).

Stua.JPG 
Daglegstova

Diagnosar

  • Hjerneslag
  • Traumatisk hjerneskade
  • Spinalskader
  • Beinamputasjoner
  • Multitraume
  • Postpolio
  • Critical illness syndrom
  • Cerebral parese
  • MS
  • Parkinson

For meir informasjon om diagnosane, sjå helsenorge.no

Behandlingar

Traumatisk hjerneskade

Vi har fleire ulike opphald

  • Vurderingsopphald
  • Rehabiliteringsopphald
  • Kontrollopphald
  • Pasientar med traumatisk hjerneskade frå Helse Midt Norge skal ha et tilbod ved Munkvoll rehabiliteringssenter i Tromdheim og Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus.

Avd for fysikalsk medisin og rehabilitering har spesialisert seg på ABC metoden som tilnærming av pasienter med nedsett bevisstheit.

Vi arbeider tverrfagleg, pasienten blir kartlagt av dei ulike faggruppene og vi lagar ein individuell behandlingsplan som gjeld  for alle behandlarar i teamet.
Fokuset er på å trene daglege aktivitetar (ADL – aktiviteter) innan ei normal døgnrytme og i ei bestemt ramme der aktivitet, stimuli, ro og kvile blir bestemt ut frå pasienten sine behov. Pårørande er viktige samarbeidspartnarar under innlegging og vi prøver i størst mogeleg grad å ta dei med i dette samarbeidet ut frå pasienten sin tilstand og pårørande sin situasjon.

Kommunen er også ein viktig samarbeidspartner og vi tar tidleg kontakt med pasienten si heimkommune.

Spinalskader (ryggmargskader)

For spinalskadde har avdelinga tre ulike tilbod

  • Sluttrehabilitering
  • Sekundær rehabilitering
  • Vurderingsopphald

Nyskadde pasientar skal ha tilbod om primærrehabilitering i Spinalenheten ved St.Olav hospital i Trondheim. Det er eit samarbeid mellom Spinalenheten og Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering som gjer at nokre pasienter også vil vere innskrivne på vår avdeling. Vår avdeling har eit lågterskeltilbod; ei adresse pasientar kan vende seg til med problem relatert til spinalskaden, til dømes trykksår.

Beinamputasjonar

Treningsopphald

Vi har spesialisert oss på tilpassing og opptrening etter beinamputasjonar og tar i mot pasientar frå Møre og Romsdal fylke.
Avdelinga har eit tett samarbeid med ortopedingeniør (OCH)

Multitaraume (-samansette, store skadar etter alvorlig ulykke)

Rehabiliteringsopphald

Denne pasientgruppa har spesielle utfordringar knytta til behandlingstiltak som krev tett samarbeid med ulike spesialitetar. Liggetida i sjukehus er ofte lang. I vår avdeling legg vi til rette for at samarbeidet med andre spesialitetar som til dømes ortopedisk avdeling kan skje paralellt med opptrening, bearbeiding og meistring.

Postpolio (seinskade etter poliomyelitt)

Utreiingsopphald

Kartlegging av:

  • lungefunksjon
  • energiøkonomisering, balanse mellom kvile og aktivitet
  • muskelstyrke
  • behov for hjelpemidler
  • meistringsmåtar og gamle levereglar vert utfordra

Critical illness syndrom (Tilstander etter alvorlig og langvarig sjukdom)

Vurdering- og rehabiliteringsopphald

Vi kartlegg og vurderar, lagar behandlingsplan og evaluerer i samråd med pasienten. Behandlingstida er ulik frå pasient til pasient. Ofte er det også eit stort behov for å samarbeide med den spesialiteten pasienten kom frå.

Cerebral parese

Utgreiingsopphald

Kartlegging av:

  • spasmer
  • smerter

Nyttig informasjon

Tilbod
14 døgnplassar til spesialisert rehabilitering (sjå meir informasjon under diagnosar)

Hjerneskulen - eit seinfasetilbod til pasientar med erverva hjereskade

MS-skulen - eit lærings- og meistringstilbod til pasientar med MS (multippel sklerose)

Trenings- og behandlingsrom på avdelinga
 bilde 1.JPG


 

Kontakt

Oppmøtestad
Vi held til i 3. etg i lågblokka.
Telefon
70 10 57 30 og 70 10 57 32
E-post
Postadresse

Søknadar om spesialisert rehabilitering skal sendast til sekretariatet for Felles Inntaksnemnd ved Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund:

Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
Felles inntaksnemnd
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstider

Besøkstida vår: kl. 16:00 - 20:00

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Måltid

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

Måltid

Buffét med brødmat og pålegg er tilgjengelig heile døgnet.
Dei som treng det, får mat på rommet.

Lunsj:       kl 12:00
Middag:   kl 16:00

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Rehabilitering - amputasjon av bein (underekstremiteter),https://helse-mr.no/behandlinger/rehabilitering-amputasjon-av-bein-underekstremiteterRehabilitering - amputasjon av bein (underekstremiteter),RRehabilitering - Amputasjon av bein (underekstremiteter)Rehabilitering - Amputasjon av bein (underekstremiteter)Rehabilitering - Amputasjon av bein (underekstremiteter)Rehabilitering - Amputasjon av bein (underekstremiteter)
Rehabilitering - Tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskadehttps://helse-mr.no/behandlinger/rehabilitering-tidlegrehabilitering-etter-erverva-hjerneskadeRehabilitering - Tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskadeRTidlig rehabilitering ved hjerneskadeTidlig rehabilitering ved hjerneskadeTidlig rehabilitering ved hjerneskadeTidlig rehabilitering ved hjerneskade