Mork rehabiliteringssenter

Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal HF. Vi gir eit individuelt tilpassa tilbod til pasientar med komplekse og samansette funksjonsvanskar. Rehabiliteringstilbodet byggjer på ei tverrfagleg samhandling med pasienten, pårørande og omgjevnadane.
Les meir om Mork rehabiliteringssenter

Mork rehabiliteringssenter

Vi har 5 ulike type opphald:

  • Primærrehabilitering
  • Kontrollopphald
  • Vurderingsopphald
  • Rehabiliteringsopphald for pasientar med kroniske og komplekse funksjonsvanskar
  • Gruppeopphald for slagramma.

På senteret finn du seksjonsleiar, sekretær, legespesialist, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, miljøterapeut, ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom, logoped, kjøkkenassistent og vaktmeister. Samarbeidet mellom deg, dine pårørande og personalet byggjer på god informasjon, felles planlegging og arbeidsdeling under opphaldet. Det er viktig å vere klar over at alle tilsette på Mork har teieplikt. Vi er godkjent som opplæringsinstitusjon og du vil derfor også kunne møte studentar frå ulike utdanningar under oppholdet.

Mork rehabiliteringssenter gir tilbod om rehabilitering til følgjande diagnosegrupper:

  • Hjerneslag
  • Hjerneskadar
  • Omfattande skadar (multitraumer) etter ulykke
  • Følgjetilstandar etter kreft
  • Nevrologiske lidingar
  • Ryggmargskadar
  • Andre med behov for spesialisert rehabilitering 

Teamarbeid

Eit individuelt tilpassa rehabiliteringstilbod krev at pasient og pårørande er ein naturleg del av teamet. Ulike arenaer/metodar for samhandling er:

  • Innkomstsamtale
  • Vurderingsmøte/målmøte
  • Heimebesøk
  • Individuell rehabiliteringsplan
  • Individuell plan
  • Sluttevalueringsmøte. Tverrfagleg sluttrapport vert utarbeidd til alle pasientar 

Tverrfaglig samarbeid

Følgjande yrkesgrupper arbeider ved senteret:Legespesialist, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped, Miljøterapeut, seksjonsleiar, sekretær, kjøkkenassisten og vaktmeister. 

Familie- og pårørande

Arbeid med familie og pårørande er eit satsingsområde for rehabiliteringssenteret, og desse vert rekna som ein ressurs i rehabiliteringa. Familie- og pårørande kan delta i rehabiliteringa og bu ved senteret når dette er teneleg for pasientforløpet. Vi arrangerer også familie- og pårørandeseminar. 

Brukarorganisasjonar

Funksjonshemmedes FellesorganisasjonNorges handikapforbundAfasiforbundetForeningen for muskelsykePersonskadeforbundet LTNLandsforeningen for slagrammede LFSRyggforeningen i NorgeNorsk revmatikerforbund

Brosjyre

Skriv ut brosjyren om Mork rehabiliteringssenter

Korleis søke/tilvising

Det skal sendast skriftleg søknad frå sjukehuslege eller fastlege med opplysningar om:

  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Mål for opphaldet
  • Det bør leggast ved rapport frå andre faggrupper du mottek tilbod frå, t.d. heimebasert omsorg, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped.

Vi gir tilbod til pasientar frå heile Møre og Romsdal. 

Søknadar sendast til

HELSE MØRE OG ROMSDAL
Felles inntaksnemnd
Avdeling for fys. med. og rehab.
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund

Organisering

Seksjonsleiar: Anita Myklebust Nybø - Epost: anita.myklebust.nybo@helse-mr.no

Mork rehabiliteringssenter er ei eining under Klinikk for medisin og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal. 

Hospitering på Mork rehabiliteringssenter

  • Personale frå kommunen som skal følgje opp ein pasient etter utskriving frå Mork, kan hospitere ein eller fleire dagar. Dei kan følge pasienten og observere tilboda vedkommande får på Mork og øve seg på teknikkar og liknande som er nødvendig for å vidare oppfølging av rehabiliteringsarbeidet.
  • Ved generell hospitering frå kommune eller statleg institusjon vil fagpersonar får følge dei yrkesgruppene dei ønsker. Dei kan observere behandlingsmetodar, få informasjon om samarbeidet her, og på kva måte Mork rehabiliteringssenter arbeider.
  • Begge sortar hospitering vil innehalde ein del undervisning, diskusjon og generell kompetanseutveksling. Kor stramt og fastlagt program som vert sett opp, vil variere etter ønskje frå hospitantane og kapasitet ved Mork. 
  • Vi skreddarsyr opplegg ut frå ønsker og behov.

Kontakt

Besøkstider
måndag - sundag Utanom treningstid og andre gjeremål. Ring oss for informasjon om når på dagen det passer best med besøk.
Telefon
70168900 /Faks: 70168901
måndag - fredag 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse
Mork rehabiliteringssenter
Rydet 16
6105 Volda
Mork rehabiliteringssenter
Telefon
70168900
E-post

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid

​Det er høve til å ta imot besøk heile dagen . Vi ber likevel om at besøkande må ta omsyn til pasienten sine måltid, treningstider og kvilebehov. Vi oppmodar om å bruke pasienten sitt rom ved besøk. Dersom ynskjeleg, har vi andre eigna rom til disposisjon.

Brann

​Av omsyn til brannfare er det ikkje tillate å brenne stearinlys på senteret. Du må heller ikkje brukar laddar til mobil og nettbrett om natta. Sjå elles oppslag om branninstruks og rømmingsvegar.

Bruk av mobiltelefon.

​Eigen mobiltelefon kan nyttast. Likevel oppmodar vi til å ikkje bruke telefon i fellesområda, under måltid og ved behandling

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Kioskskap

​Kioskskap ved resepsjonen. Her kan du få kjøpt enkelte varer, ta kontakt med personalet. Dersom du ønsker å handle noko i sentrum, må dette avtalast.

Måltid

Mat står framme for sjølvbetjening i bufféten, men vi prøver å ha 4 faste måltid kvar dag.

Kvardagar:
kl. 08.00 – 10.00 frukost
kl. 12.00 – 13.00 lunsj
kl. 15.30 middag
kl. 19.00 kveldsmat

Helg:
kl. 09.00 – 10.30 frukost
kl. 13.30 middag
kl. 16.00 kaffi og kaker
kl. 19.00 kveldsmat


Måltid for pårørande

Ved særskilde høve, innkallingar til møte og etc. kan pårørande kjøpe middag (måndag-fredag). Denne må bestillast før kl. 12.30 dagen før. Vi ber om forståing for at personalet først og fremst har eit pasientansvar. Betaling kontant. Vi har diverre ikkje kortterminal.


Overnatting for pårørande

Det er høve for pårørande å overnatte. Dette må avtalast med koordinator/team i god tid. Rom med enkel standard, sengetøy /handdukar blir lagt fram.

Overnatting inklusive alle måltid : Vaksne kr. 300,- Born kr. 150,-

Parkering

​Det er gratis å parkere ved Mork rehabiliteringssenter.

Permisjon

Permisjon på kveldstid og i helgane kan avtalast når det er ønskeleg eller nødvendig. Det er særs viktig at du alltid seier ifrå til personalet når du forlét huset.

Reiseutgifter i samband med permisjonen må pasienten dekke sjølv. Ved inn og utskriving får du dekka reiseutgifter eventuelt drosje. Dersom du tek buss eller blir henta av pårørande får du med skjema for innsending til Helfo. (Ta kontakt med ekspedisjonen)


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

​Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Bussen stoppar om lag 1 km frå Mork rehabiliteringssenter.

Fly

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden er næraste flyplass.

Rusmiddel

​Oppbevaring og bruk av alkohol og anna rusmiddel er ikkje tillate.

Røyking/bruk av El-sigarettar

​Røyking/Bruk av El-sigarettar er ikkje tillate på Helse Møre og Romsdal sine område. Vi har mange pasientar som ønsker å slutte å røyke. Vi ber difor deg og dine besøkande ta omsyn til dette.

Smitte frå pårørande

​Dersom pårørande er sjuke bør ein vente med besøket til ein er frisk. Vi gjer merksam på at ved mage-/ tarminfeksjonar går det 48 timar etter siste symptom, før ein reknast som smittefri.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Toalettsaker

​Du må ta med toalettsaker, (såpe, shampo, tannkost og tannkrem).

Vi bed om begrensa bruk av parfymer, då det kan være andre på huset som reagerer på dette. Dette gjeld også pårørande.


Vask av klede

​Vask av kle må så langt som mogleg bli ivareteke av pårørande. Vi samlar skittentøy i posar nedst i kleskapet hjå pasienten, og ber om at pårørande tek kleda med heim for vask. Dersom pårørande eller pasient ynskjer å vaske kle her på huset, kan ein avtale dette med personalet. Vi kan i spesielle tilfelle ta på oss litt klesvask. Kleda må då være godt merka. Vi tek ikkje ansvar for klede som blir øydelagde, eller kjem bort i vask.

Verdisaker

​Vi oppmodar om at du ikkje har store verdiar liggande på pasientromet. Der er ein safe til oppbevaring hjå kontorpersonalet om det er behov for dette.

Rehabilitering - Tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskade, Morkhttps://helse-mr.no/behandlinger/rehabilitering-tidlegrehabilitering-etter-erverva-hjerneskade-morkRehabilitering - Tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskade, MorkRRehabilitering - Tidlig rehabilitering ved hjerneskadeRehabilitering - Tidlig rehabilitering ved hjerneskadeRehabilitering - Tidlig rehabilitering ved hjerneskadeRehabilitering - Tidlig rehabilitering ved hjerneskadeEMPTY

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.