Illustrasjonsbilde, fiske frå brygge

Fasilitetar og kvardagen på Mork

Rehabiliteringskvardagen består av funksjonskartlegging, informasjon, samtalar og trening. For mange vil trening i daglege gjeremål vere ein viktig del av prosessen.

Kvardagen på Mork

Du får individuelt tilrettelagt oppfølging med terapeutar og tilbod om deltaking i samtalegrupper. Vår lege følgjer din rehabiliteringsprosess tett. Det blir også gitt tilbod om undervisning i aktuelle tema.

Vi har fokus på å nytte naturen og sentrumsområdet som ein arena for rehabilitering, og vi prøver å nytte dette i gruppebaserte eller individuelle aktivitetar. Bassengtrening kan vere aktuelt for einskilde.

På kveld, helg og på høgtidsdagar kan rehabiliteringstilbodet vere noko avgrensa på grunn av mindre bemanning.


Fasilitetar

  • 18 einerom som er godt tilrettelagt for rullestolbrukarar (med eige bad / toalett)
  • 5 gjesterom
  • Store og godt utstyrte treningslokaler
  • Treningskjøkken
  • Varmtvassbasseng
  • Tredemølle med vektavlasting
  • Treningsleilegheiter
  • Lyse og trivelege fellesrom
  • Bibliotek
  • Trådlaust internett
  • Stort uteområde med brygge, lavvo og gapahuk 


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.