Rehabilitering ved Mork rehabiliteringssenter

Føremålet med rehabilitering er å styrkje meistringsevna di, slik at du kan fungere best mogleg i dagleglivet.

Illustrasjonsbilde: Mann i kajakk. Rullestol i strandkanten.
Rehabilitering er ein prosess der fagpersonar brukar spesialkompetansen sin, for å støtte deg i å nå dine mål.

Eit opphald på Mork rehabiliteringssenter kan vere eit ledd i ein slik prosess. I mange tilfelle har vi eit tett samarbeid med heimkommunen for å få til eit best mogleg tilbod.

Vi er avhengig av din innsats, din kunnskap og dine meiningar om korleis du opplever situasjonen din, og kva verdiar og mål som er viktige for deg. Di deltaking i prosessen er viktig.

Kvar pasient blir knytt til eit tverrfagleg rehabiliteringsteam og ein koordinator under opphaldet. Koordinatoren har ansvar for å koordinere opphaldet, og sikre at du og dine pårørande får god informasjon og ei oppleving av medverknad. Det er dine behov som er avgjerande for kva fagpersonar som inngår i rehabiliteringa di. Det er difor ikkje sikkert at du vil ha kontakt med alle faggruppene som arbeider på senteret.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.