Fysikalsk medisin og nevropsykologi, poliklinikk Ålesund

Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi har seks einingar med eit breispektra poliklinisk tilbod: 

 
*Muskel-/skjelettplager (fysikalsk medisin)
*Helse i arbeid 
*Nevropsykologi
*Førarkortvurdering
*Spastisitet
*Underekstremitet amputerte

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad
Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi har ekspedisjon i underetasjen i lågblokka.
Følg merking frå hovudvestibylen.
Ekspedisjonen ligg mellom heisene.
Besøkstider
måndag - fredag Kl. 08:00 - 15:30
Telefon
70 10 57 51
måndag - fredag Kl. 08:00 - 11:30 og 14:00 - 15:30
Telefonen er stengd mellom 11:30 - 14:00 kvar dag
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Kart)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina

Kantina finn du i 1. etasje, og den er open for pasientar, pårørande og tilsette. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt



Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Førarkortvurderinghttps://helse-mr.no/behandlinger/forarkortvurderingFørarkortvurderingFRehabilitering - Ervervet hjerneskade, førerkortvurderingRehabilitering - Ervervet hjerneskade, førerkortvurderingRehabilitering - Ervervet hjerneskade, førerkortvurderingRehabilitering - Ervervet hjerneskade, førerkortvurdering
HelseIArbeid - Individtiltak Sunnmørehttps://helse-mr.no/behandlinger/helse-og-arbeidHelseIArbeid - Individtiltak SunnmøreHHelse i arbeidHelse i arbeidHelse i arbeidHelse i arbeid
Muskel og skjelettplagerhttps://helse-mr.no/behandlinger/muskel-og-skjelettplagerMuskel og skjelettplagerMMuskel og skjelettplagerMuskel og skjelettplagerMuskel og skjelettplagerMuskel og skjelettplager
Nevropsykologisk utgreiinghttps://helse-mr.no/behandlinger/nevropsykologisk-utgreiingNevropsykologisk utgreiingNNevropsykologisk utgreiingNevropsykologisk utgreiingNevropsykologisk utgreiingNevropsykologisk utgreiing
Protesevurdering etter beinamputasjonhttps://helse-mr.no/behandlinger/protesevurdering-etter-beinamputasjonProtesevurdering etter beinamputasjonPProtesevurdering etter beinamputasjonProtesevurdering etter beinamputasjonProtesevurdering etter beinamputasjonProtesevurdering etter beinamputasjon
Spastisitethttps://helse-mr.no/behandlinger/spastisitetSpastisitetSSpastisitetSpastisitetSpastisitetSpastisitet

Fann du det du leita etter?