Fysikalsk medisinsk poliklinikk

Fysikalsk medisinsk poliklinikk er ein tverrfagleg poliklinikk med eit breispektra poliklinisk tilbod innen utgreiing og behandling av lidingar i muskel/skjelettapparatet. I tillegg finn du nevropsykologisk poliklinikk og eit raskare-tilbake-tilbod innan rygg og skulderlidingar.

Les meir om Fysikalsk medisinsk poliklinikk

Fysikalsk medisinsk poliklinikk

 

Tverrfagleg ryggpoliklinikk

Tverrfagleg ryggpoliklinikk er ei andrelineteneste for vurdering og behandling av akutte, subakutte og langvarige korsryggsmerter. Her arbeider lege, fysioterapeut og koordinator.

Målgruppa er personar som har:

  • Ønskje om å forebygge sjukefråvær eller kome tilbake til arbeid og aktivitet
  • Vedvarande eller ofte tilbakevendande ryggsmerter
  • Plager med varigheit minst 1 månad og maks 12 månader
  • Manglande efekt av tidlegare behandling
  • Betydeleg redusert funksjonsevne i arbeid og fritid

Tilbodet vert individuelt tilpassa.

Lenke til brosjyre

Tverrfagleg skulderpoliklinikk

Tverrfagleg skulderpoliklinikk er eit poliklinisk tilbod for pasientar med ulike plager i skulder. (Akutte, subakutte og langvarige skuldersmerter)
Tilbodet er tverrfagleg. Det vil seie at lege og fysioterapeut i samarbeid med pasienten lagar eit individuelt behandlingsopplegg. Samarbeidet med tverrfagleg skulderpoliklinikk kan vare opp til 6 månader.

Nevropsykologisk poliklinikk

Funksjonsdiagnostikk ved påvist/kjent hjerneorganisk skade/sykdom, som traumatiske hjerneskader, hjerneslag, anoksiskade, løsemiddelskade, følgetilstander etter svulst i hjernen.

Differensialdiagnostikk ved mistanke om hjerneorganisk skade/sykdom, som for eksempel ved mulig begynnende degenerativ sykdom, mulig løsemiddelskade.

Oppfølging av pasienter med ervervet hjerneskade

  • Veiledning og rådgivning mhp. kognitiv rehabilitering
  •  Støttesamtaler/terapi 
  •  I noen grad tilbys undersøkelse og oppfølging av personer med symptomlidelser som kroniske smerte- og utmattelsestilstander.


 Diagnosar

  • Lokaliserte eller meir omfattande smerter og feilfunksjonar i muskulatur, sener og ledd etter skadar, sjukdom, langvarige feilbelastningar eller som sideverknad av annan medisinsk behandling.
  • Tilstandar der fysiske, sosiale og psykologiske tilhøve verkar saman og gir plager, funksjonssvikt og nedsett livskvalitet (”sammensatte lidelser”).
     

Behandlingar

Utgreiingar vert gjort av legespesialist som rapporterar attende til den tilvisande lege og pasienten med forslag til behandlingstiltak. Utgreiinga kan kreve fleire konsultasjonar som også vil kunne gi ein positiv effekt på tilstanden. I nokre høve vert det gitt behandlingsoppfølging ved klinikken. Anna fagpersonell kan då ta del, til dømes ved behov for ortopediske hjelpemidlar, ved vurdering og trening av hand- og gangfunksjon, og når det er særskilte behov for meistringsbearbeiding.

  • Utgreiinga er ein del av behandlinga. Ymse standardiserte spørreskjema vert brukt i kartlegginga. Det er ofte naudsynt å avklare både fysiske, sosiale og psykologiske tilhøve (såkalla ”biopsykososial utrednings modell”). Ein legg stor vekt på å finne ut av pasienten si eiga oppleving og forståing av årsakstilhøve. Dette gir grunnlag for forslag til behandlings- og meistringstiltak (såkalla ”pasientsentrert behandling”).
  • Meistrings-orienterte samtalar (kognitiv metode).
  • Utprøving i samarbeid med fastlegen.
  • Injeksjonar (Lokalbedøving, Botox, Steroidar).
  • Tilpassing og oppfølging av ortoser.
  • Gangtrening for pasientar med proteser etter amputasjonar.
  • Instruksjon i høvelege eigentreningsprogram.

Kontakt

Oppmøtestad
Fysikalsk medisinsk poliklinikk har ekspedisjon i underetasjen i lavblokka.
Følg merking frå hovudvestibyle.
Ekspedisjonen ligg mellom heisene.
Telefon
70105751
måndag - fredag 08:00 - 15:30
Telefonen er stengd mellom 11:30 - 14:00 kvar dag
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund

Rehabilitering - Førarkortvurdering etter erverva hjerneskadehttps://helse-mr.no/behandlinger/rehabilitering-forarkortvurdering-etter-erverva-hjerneskadeRehabilitering - Førarkortvurdering etter erverva hjerneskadeRErvervet hjerneskade - førerkortvurderingErvervet hjerneskade - førerkortvurderingErvervet hjerneskade - førerkortvurderingErvervet hjerneskade - førerkortvurdering
Tverrfagleg ryggpoliklinikk - Raskare tilbakehttps://helse-mr.no/behandlinger/tverrfagleg-ryggpoliklinikk-raskare-tilbakeTverrfagleg ryggpoliklinikk - Raskare tilbakeTRyggundersøkelse - tverrfagligRyggundersøkelse - tverrfagligTverrfagleg ryggundersøkingRyggundersøkelse - tverrfaglig
Tverrfagleg skulderpoliklinikk - Raskare tilbake, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/tverrfagleg-skulderpoliklinikk-raskare-tilbake-alesundTverrfagleg skulderpoliklinikk - Raskare tilbake, ÅlesundTTverrfagleg skulderpoliklinikk - Raskare tilbake, ÅlesundTverrfagleg skulderpoliklinikk - Raskare tilbake, ÅlesundTverrfagleg skulderpoliklinikk - Raskare tilbake, ÅlesundTverrfagleg skulderpoliklinikk - Raskare tilbake, Ålesund

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.