Kliniske støttefunksjonar Ålesund

Seksjonen inneheld ergoterapi, fysioterapi og intern utlånsentral. Vi har ansvaret for desse tenestene til dei fleste somatiske avdelingar ved sjukehuset og har tett samarbeid med dei ulike yrkesgruppene ved avdelingane. 

Les meir om Kliniske støttefunksjonar Ålesund

Kliniske støttefunksjonar Ålesund

Seksjonsleiar: Bente Marit Borhaug

Seksjonen har 12,05 stillingar for fysioterapeut, 2 stillingar for turnuskandidat (fysioterapi), 2,55 stilling for ergoterapeut, 1 stilling som spesialarbeidar og 0,5 stilling for assistent.

Fysioterapi

Fysioterapi tar utgangspunkt i mennesket sine ressursar og stimulerer til ansvar og eigenmeistring. Optimal funksjon og bevegelsesglede er sentrale mål for fysioterapeutars yrkesutøving. Fysioterapi er eit tilbod til enkeltpersonar og grupper av pasientar der siktemålet er å betre og halde ved like funksjon og hindre eller kompensere for funksjonssvikt.

Fysioterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om fysioterapeutane skal koplast inn. Vi har faste fysioterapeutar knytt til barne- og ungdomsavdelinga, intensivavdelinga, kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling, ortopedisk avdeling og revmatologisk avdeling. Utover dette kan vi koplast inn ved andre avdelingar når det er behov for det.

Fysioterapeutane samarbeidar nært med dei andre faggruppene ved sjukehuset. Vi er med i kartlegging og diagnostisering av pasientar. Vår oppgåve er å kartlegge funksjonsevna og kva for ressursar pasientane har for å betre funksjon og eigenmeistring. I dette arbeidet brukar vi ulike metodar, til dømes funksjonstestar, kartlegging av bevegelsesbegrensningar og smerte, samt analyse av livssituasjon.

Fysioterapi har fokus på funksjon, ikkje diagnose. Vi kartlegg funksjonsevne og set i verk tiltak i forhold til det. Tiltaka kan omfatte øvingsterapi, funksjonstrening, rådgjeving, vegleiing og opplæring. Det bidrar til betre meistring og motiverar til gode arbeidsmåtar og levevanar. Viktige tiltak er også rådgiving, vegleiing og opplæring som motiverer til gode arbeidsmåtar og levevanar. Vi henviser til ulike samarbeidspartnarar for vidare behandling dersom vi finn det naudsynt.

Ergoterapi

Ergoterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose i seg sjølv, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om ergoterapeutane skal koplast inn. Vi har faste ergoterapeutar knytt til medisinsk avdeling, ortopedisk avdeling og revmatologisk avdeling. Utover dette kan vi koplast inn ved andre avdelingar når det er behov for det.

Undersøkingar ved ergoterapiseksjonen er ofte ein del av det tverrfaglege diagnostiske arbeidet ved den einskilde avdeling. Den er basert på observasjon og utprøving av aktivitetar, samtaler og testar.

Målet med behandling hos ergoterapeut er å meistre daglege aktivitetar. Valg av behandlingstiltak vil avhenge av problemstilling og kompleksitet. Aktuelle tiltak kan være trening, tilpasning og tilrettelegging for aktivitet, planlegging, utforming og tilrettelegging av omgivelser. Det ytes og hjelp til søknad på hjelpemidler, og vi lagar og tilpassar ortoser/skinner. Trening skjer ved bruk av ulike aktivitetar som fremjar grunnleggande funksjonar. Eksempel på slike funksjonar kan vere balanse, handfunksjon, berøringssans, evne til problemløysing og sjølvinnsikt.

Samarbeid, rådgjeving og rettleiing til kommunehelsetenesta er sentralt ved overføring og oppfølging av tiltak.

Intern utlånssentral

Intern utlånsentral har ansvaret for at sjukehuset har hjelpemidlar til utlån til inneliggande pasientar
Tilgjengelige hjelpemidlar for utlån til inneliggande pasientar er:

  • Rullestolar med naudsynt utstyrR
  • Rullatorar
  • Preikestolar

Etter bruk, eller når pasienten utskrives frå sjukehuset, skal hjelpemidlane returnerast til intern utlånsentral. Intern utlånsentral har nokre hjelpemidlar for salg. Dette gjelder krykker, ispiggar, tigergrep, gripetenger og strømpepåtrekkarar.

Kontakt

Oppmøtestad
Vi held til i underetasjen i hovudbygget. Lokala våre er store og trivlege med treningssal, gymsal, treningskjøkken og ulike behandlingsrom. Behandlinga skjer både her og på sengepostane.

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Fysioterapi

Telefon 70 10 51 61/70 10 51 77

Kvardagar kl 08:00 - 15:00
Laurdag/søndag kl 08:30 - 12:30

Tilvising til fysioterapi
Tilvising til fysioterapi skal i hovudsak skje via behandlande lege ved sjukehuset her, eller frå andre sjukehus i landet. Ved tilvising frå primærhelsetjenesta skal dette gjerast via fastlegen.

I tillegg har vi dagleg beredskapsvakt kl 15:00 - 20:00 alle kvardagar og kl 08:30 - 20:00 helgedagar. Fysioterapeut kan tilkallast når det av spesielle medisinske grunnar er behov for fysioterapi i desse tidsromma.

Ergoterapi

Telefon 70 10 51 91/92/93

Kvardagar kl 08:00 - 15:30

Tilvising til ergoterapi skal i hovudsak skje via behandlande lege ved sjukehuset her, eller frå andre sjukehus i landet. Ved tilvising frå primærhelsetenesta skal dette gjerast via fastlegen.

Intern utlånsentral

Telefon 70 10 51 94

Kvardagar kl 08:00 - 15:30

Seksjonsleiar

​Bente Marit Borhaug

Telefon: 70 10 51 77

E-post: bente.marit.borhaug@helse-mr.no

Praktisk informasjon

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.