Kliniske støttefunksjonar Kristiansund

Seksjonen inneheld fysioterapi, ergoterapi, klinisk ernæringsfysiologi, logoped og sosionom, og vi har ansvaret for desse tenestene til dei fleste somatiske avdelingane ved Kristiansund sjukehus. Vi samarbeider tett med dei ulike yrkesgruppene på sjukehuset.  

Les meir om Kliniske støttefunksjonar Kristiansund

Kliniske støttefunksjonar Kristiansund

Seksjonsleiar: Gudrun Karlsen

Seksjonen har 2 stillingar for ergoterapeut, 6,5 stilling for fysioterapeut, 1 stilling for klinisk ernæringsfysiolog, 0,3 stilling for logoped, 0,5 stilling for sosionom og 0,5 stilling for sekretær/assistent.

Alle våre faggrupper bidreg med undervisning på LMS-kurs.

Fysioterapi

Fysioterapitenesta er først og fremst retta mot deg som er innlagd på sjukehuset. Vi er ein del av eit tverrfagleg team som skal gi deg ein heilskapleg behandling. Fokuset vårt er tidleg mobilisering og tidleg oppstart av oppgåverelatert trening. Vi gjennomfører eit strukturert rehabiliteringsprogram der målet er at du skal gjenvinne så mykje som mogeleg av funksjonane du har tapt. 

Kvar veke driv vi polikliniske treningsgrupper. 

Hjartetrim

Treningsgruppe 2 gonger pr. veke for pasientar som er hjarteoperert eller har hatt hjarteinfarkt. Ein kan starte opp innan 6 månader etter slik sjukdom, etter tilvisning frå lege.

For pasientar med kreft 

Treningsgruppe 2 gonger pr. veke for pasientar med kreftsjukdom, både under behandling og etter avslutta kreftbehandling. Kvar enkelt pasient får i samråd med fysioterapeut tilpasset individuelt treningsprogram. Mange pasientar trenger hjelp av fysioterapeut til å lindre plagene med eksempelvis lymfødem mens andre kan trenge meir omfattande rehabilitering for å komme seg til hektene.

Ergoterapi

Ergoterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose i seg sjølv, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om ergoterapeutane skal koplast inn. Vi har fasilitetar for å trene opp pasientar i daglege gjeremål, og vi har eigen verkstad for tilpassing av skinner, hanskar og liknande.

Klinisk ernæringsfysiologi

Vi driv spesialisert behandling og rådgjeving innan ernæring til pasientar som er innlagt ved Kristiansund sjukehus, i tillegg til nokre pasientar som blir tilvist frå fastlege.

Logoped

Vi har undervisning og behandling av pasientar med problem i tale, språk, stemme eller svelg.

Sosionom

Vi gir råd og informasjon om rettar, stønader og ytingar, bistand ved søknader, og gir tilbud om støttesamtaler.

Kontakt

Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Ergoterapi

​Telefon: 71 12 28 40/71 12 28 41

Tilvisingsinformasjon

Vi held til på plan -1 ved Kristiansund sjukehus. Her har vi kontor, behandlingsrom og treningskjøkken.

Fysioterapi

​Telefon: 71 12 28 86/71 12 28 85

Fysioterapeutane er lokalisert på plan 2. Hovuddelen med kontor, treningssal og behandlingsrom ligger sentralt midt i sjukehuset.

Klinisk ernæringsfysiolog

​Telefon: 71 12 28 44

Kl 07:00 - 15:00 måndag - fredag

Desse kan tilvise pasientar til oss:

  • Avdelingar/seksjonar og poliklinikkar ved Kristiansund sjukehus
  • Fastlegar

Vi held til på plan -1 ved Kristiansund sjukehus. Her har vi kontor med konsultasjonsmogelegheiter. Inngang ved den gamle augepoliklinikken.

Logoped

​Telefon: 71 12 28 93

tilvising

Vi held til på plan -1 ved Kristiansund sjukehus, der vi har kontor i lag med ergoterapeutane.

Seksjonsleiar

​Gudrun Karlsen

Telefon: 71 12 28 86/7112 28 85

E-post: gudrun.karlsen@helse-mr.no

Sosionom

​Telefon: 71 12 23 74

Tilvising

Vi held til på plan 0, med kontor og konsultasjonsmoglegheiter. Inngang ved geriatrisk/kreftpoliklinikken.

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Arrangement

  • Hjerneslag - Kristiansund

    Dette er eit kurs for deg som har hatt hjerneslag dei siste 1-2 åra, og som bur heime. Det er også for dine pårørande.