Hudpoliklinikken Ålesund

Hudpoliklinikken i Ålesund finn du ved inngang nord (poliklinikkinngangen), til venstre når du kjem inn.


Vi undersøker og behandlar pasientar med hudsjukdomar frå heile distriktet, dvs. Sunnmøre og delar av Nordmøre og Romsdal. Pasientar som høyrer til Volda sjukehus og som treng lysbehandling pga sin sjukdom, kan få lysbehandlinga ved medisinsk poliklinikk ved Volda sjukehus.

Koronaviruset: Informasjon til pasientar med inflammatoriske hudsjukdommar

Hudpoliklinikken Ålesund

Koronaviruset: Informasjon til pasientar med inflammatoriske hudsjukdommar

Følg Helsedirektoratet sine råd for å unngå smitte, karantenebestemmingar, informasjon om symptom på Covid-19 og evt. tiltak. Det er viktig å redusere risikoen for å bli smitta. https://helsenorge.no/koronavirus

Medikamentell behandling

  • Sørg for å ha medisinar for minst 4 vekers forbruk tilgjengeleg 
  • Vi anbefaler at du held fram med medisinane mot hudsjukdomen så lenge du ikkje er sjuk
  • Det er per dags dato ikkje grunnlag for å anbefale at du skal slutte med/ eller trappe ned behandlinga. I Italia har det vore mange pasienter som slutta med medisinene og derfor fekk oppbluss i sjukdomen og behov for legetime, det ønsker vi å unngå.

Ved påvist/mistenkt Covid-19 infeksjon

  • Du skal slutte med «biologiske medikament» inntil du er erklært frisk
  • Det er pr.dags dato ikkje grunnlag for at du må slutte med alle medisinene mot den revmatologiske sjukdomen, men individuelle vurderingar må gjerast dersom du har luftvegsinfeksjon med Covid-19. 

Praktisk informasjon

Ta kontakt på epost

Vi anbefaler at du tar kontakt på epost. Skriv litt om kva førespurnaden gjeld, f.eks spørsmål om kontrolltime, spørsmål angående medikamentell behandling, oppfølging og risiko på grunn av din sjukdom, og legg ved telefonnummer så vil vi ringe tilbake til deg.  NB. Ikkje skriv sensitive opplysningar som fullt personnummer med meir i e-post.
Det er stor pågang på telefon frå pasienter på grunn av korona-epidemien. Vi klarer dessverre ikkje å besvare alle henvendelsane og veit at ikkje alle kjem gjennom på telefon.

Vår epostadresse er: hud@helse-mr.no   

Videokonsultasjon kan bli aktuelt

For å unngå å utsette pasienter for smitte ved å kome til sjukehuset, vil vi på bakgrunn av medisinske vurderingar avgjere om den polikliniske konsultasjonen kan utsettast. Du vil istadenfor få tilbod om telefonkonsultasjon eller video/skype-konsultasjon der det kan erstatte delar av konsultasjonen.
Les meir om videokonsultasjon

Anbefaler privat transport

Vi anbefaler privat transport til sjukehuset for pasientar med inflammatoriske hudsjukdomar som bruker immundempande behandling og som må kome til sjukehuset. Unngå offentleg transport eller drosje for ikkje å bli utsett for smitte.

Meir om hudpoliklinikken

Vi vil legge til rette for eit godt behandlingstilbod og ønskjer å skape ei god og trygg atmosfære for pasientane våre. Spesielt for dei som har ein kronisk hudsjukdom og som treng behandling fleire gonger i løpet av året. Vi legg difor vekt på Helse Møre og Romsdal sine verdiar: Tryggleik - Kvalitet - Respekt. 

Hudavdelinga ved Ålesund sjukehus vart grunnlagt av hudlege Bjørn Tore Gjertsen i 1976.

I 1982 vart hudspesialist Leif Ivar Hanssen tilsett, og han var avdelingssjef ved Hudavdelinga fram til sumaren 2014.

Diagnosar

Desse diagnosane er nokre av sjukdomane vi gir behandling for:

  • Psoriasis
  • Atopisk eksem
  • Eksem/utslett/kløe
  • Leggsår
  • Hudkreft
  • Føflekk-kreft
  • Aktinske keratoser
  • Acne
  • Skabb
  • Kjønnsjukdomar

Pasientar må ha skriftleg tilvising frå fastlege for å få time ved hudpoliklinikken. Hudlegen vurderer alle tilvisingar og gir prioritering etter gjeldande retningsliner. Pasientar med kjønnssjukdomar treng ikkje tilvising og kan gjere avtale direkte med hudpoliklinikken. Kronikarar, som stadig har tilknytning til poliklinikken, kan bestille time direkte.

Du kan du lese generell informasjon om desse diagnosane på helsenorge.no

Undersøkingar

Hensikta med undersøkingar er å finne rett diagnose. Nokre behandlingar krev også at ein kontrollerar urin og blodverdiar.

  • Biopsiar/hudprøvar - ofte ved første besøk dersom dette ikkje er tatt av tilvisande lege. Svar får du ved neste kontroll eller i eit brev
  • Blodprøvar - ved sentrallaboratoriet
  • Urinprøvar - nokre medikament krev undersøking av urin
  • Mikroskopiske undersøkingar av sopp, f.eks. fotsopp
  • Allergitest - lappetest med avlesing etter 3 - 4 dagar
  • Hudtest: Epicutantest (lappetest) - Standard  epicutantest og andre spesial testar som ein festar på ryggen.
  • Doppler-undersøking - kontroll av blodgjennomstrømming i leggar og føtter

Behandlingar

Lys-behandling ved psoriasis, atopisk eksem og andre utslett

Vi har tilsaman 5 heilkropp lyskabinett og 4 lyskasser for hand og fot. I tillegg har vi 7 heilkropp lyskabinett til utlån. Det er omtrent ikkje ventetid når ein kjem til lysbehandling. Ein treng heller ikkje å melde seg i luka for lysbehandling bortsett frå når ein skal til legekontroll. Ein får lysbehandling som oftast 3 gongar pr uke i 5-6 veker.  Før ein avsluttar behandlinga, får ein time hos hudlege.

TL01_1.jpgKOMBI_2.jpgTL01_1.jpg 

PDT-behandling

Fotodynamisk terapi er behandling av basalcellecarsinom, Mb. Bowen og solar keratose. Behandlinga tar tilsaman ca. 3 – 4 timar. Først skrapar legen området som skal behandlast, deretter vert det lagt på Metvix krem og dekker så området med plaster. Etter 3 timar kjem pasienten tilbake, plaster og krem fjernast, og området blir belyst med raudt lys i ca 8 til 15 minutt. Denne behandlinga kan nokre gongar medføre ubehag i form av stikkande eller
brennande smerter. Behov for smertelindring vil derfor variere. 

PDT.jpg 

Kryo-behandling

(frysing) av solar keratose og basalcellecarsinom.


Sår-behandling ved venøse leggsår

Ofte brukar vi Kaliumpermanganat-bad (KP-bad) som virkar desinfiserande, tørkar ut væskande eksem og som virkar kløstillande. Dersom bra blodgjennomstrømming er behandlinga kompresjonsbandasje eller kompresjonstrømper. 


Kurs

Eksemskule

Hudpoliklinikken har i samarbeid med barneavdelinga arrangert eksemskule to ganger pr år for foreldre/føresette til barn med eksem. Ein treng tilvising frå lege, blir sett på venteliste, og får då tilbod om kurs når datoen er satt.

Les meir om eksemskulen

 


 

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Poliklinikken er ved hovedinngang nord, til venstre når du kommer inn.

Telefon
Ekspedisjon: 70 10 54 50 , Lysbehandlingseininga: 70 10 54 53
måndag - fredag 08:00 - 15:30
70 10 54 50 er stengd mellom 11:30 - 14:00.
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Kart)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina

Kantina finn du i 1. etasje, og den er open for pasientar, pårørande og tilsette. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt



Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

DD-behandling, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/dd-behandling-alesundDD-behandling, ÅlesundDDD-behandling (Dermovat med Duoderm)DD-behandling (Dermovat med Duoderm)DD-behandling (Dermovat med Duoderm)DD-behandling (Dermovat med Duoderm)
Fotodynamisk behandling av hud, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/fotodynamisk-behandling-av-hud-alesundFotodynamisk behandling av hud, ÅlesundFFotodynamisk behandling av hudFotodynamisk behandling av hudFotodynamisk behandling av hudFotodynamisk behandling av hud
Frysebehandling av hud, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/frysebehandling-av-hud-alesundFrysebehandling av hud, ÅlesundFFrysebehandling av hudFrysebehandling av hudFrysebehandling av hudFrysebehandling av hud
Lysbehandling - Generell informasjon, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/lysbehandling-generell-informasjon-alesundLysbehandling - Generell informasjon, ÅlesundLLysbehandlingLysbehandlingLysbehandlingLysbehandling
Prikktest (allergi)https://helse-mr.no/behandlinger/prikktestPrikktest (allergi)PAllergi - prikktestAllergi - prikktestAllergi - prikktestAllergi - prikktest

Fann du det du leita etter?