Tverrfagleg ryggpoliklinikk

Tverrfagleg ryggpoliklinikk er eit tilbod i spesialisthelsetenesta til menneske med rygg- og nakkeplager. Vi har eit tverrfagleg team og driv med utgreiing og behandling. Tilbodet er organisert under avdeling for medisin og nevrologi ved Molde sjukehus.

Les meir om Tverrfagleg ryggpoliklinikk

Tverrfagleg ryggpoliklinikk

Tverrfagleg ryggpoliklinikk er eit tilbod i spesialisthelsetenesta som gir tilbod om utgreiing og, dersom tenleg, behandling av rygg- og nakkeplager. Tilbodet her har fokus på utgreiing/diagnostisering og funksjonsvurdering. Vi samarbeider med nevrologane i vår avdeling og med ortopedane både ved Molde- og Kristiansund sjukehus. Vi har fokus på å avklare pasienten sine haldningar og strategiar for meistring, og tek utgangspunkt i pasienten sine eigne ressursar til å endre sin situasjon.


Vi har to behandlingstilbod i poliklinikken vår:

  • Ordinær poliklinikk – eit tilbod om utgreiing og kortvarig oppfølging til dei som ikkje er i arbeid, eller som fungerer greitt i jobb men som treng utgreiing i spesialisthelsetenesta for rygg- og nakkeplager.
  • HelseIArbeid, poliklinikk for arbeidstakarar som er sjukmelde eller som står i fare for å bli det på grunn av rygg-, nakke- eller psykiske plager.

Kva du skal gjere viss du får vondt i ryggen – TIPS OG TRIKS

Akutte ryggsmerter from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.

Instruksjon i ”Gulløvingar”

Dette er 3 øvingar som er gode å gjere viss du får akutte ryggsmerter. Målet er å få i gang rørsle i nedre del av ryggen, betre blodsirkulasjonen, og dei verkar også bevisstgjerande for rygg- og bekkenstilling. Det viktig at ein gjer små rørsler med lite kraft. Mange repetisjonar.

Ingen av desse rørslene skal føre til smerteauking, men dei kan ”rive” litt i starten viss muskulaturen er veldig spent. Bruk hugseregelen: Gjer det du klarar og kvil når du må!


Gulløving 1 - Bekkenvipp

Ligg på ryggen med beina i bøy. Så tenker du at du skal presse korsryggen ned mot underlaget.  Ligg heile tida godt nedpå, unngå å løfte setet. Bruk så lite kraft som mogleg da du skal bruke dei små musklane til å gjere rørsla. Slepp opp. Ha fri pust heile tida.

BILDE 3 Gulløvelse 1.jpg 

Gulløving 2 - Salsa

Ligg på rygg, anten med beina strake eller i bøy. Tenk at du skal forkorte det eine beinet i forhold til det andre, ved å trekke hoftekammen nærast mogleg ribbeina dine. Slepp. Bytt side. Gjer det roleg og bruk lite muskelkraft.

BILDE 4 Gulløvelse 2.jpg
 

Gulløving 3 - Rotasjonar

Ryggliggande med beina i bøy og føtene samla. Beveg samla bein frå side til side – start med lita rørsle auk etter kvart.

BILDE 5 Gulløvelse 3.jpg 


 

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Vi held til i Moldehallen, Verftsgata 10 i Molde på Bolsønesområdet, i 2. etasje inngang A (på sjøsida av bygningen). Kjem du med bil, er det gratis parkering utanfor. Ta av frå Fannestrandsvegen mot fjorden i lyskrysset ved Glamox. Kjem du med buss, er det busstopp like ved – 2-3 minutt å gå. Det er god bussforbindelse med Timeekspressen til/frå Kristiansund og Ålesund.

Besøkstider
måndag - fredag 08.00 - 15.30
Telefon
71 12 05 08 , 94 17 11 60
måndag - fredag 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde

Moldehallen
Besøksadresse
Verftsgata 10(Kart)

HelseIArbeid - Individtiltak Nordmøre og Romsdalhttps://helse-mr.no/behandlinger/helseiarbeid-individtiltak-nordmore-og-romsdalHelseIArbeid - Individtiltak Nordmøre og RomsdalHHelse i arbeidHelse i arbeidHelse i arbeidHelse i arbeid

Fann du det du leita etter?