TRK starta i 1991 med ryggskule, og sidan da har over 3000 pasientar delteke på ryggskulen. I 2008 ble det oppretta eit gruppebasert behandlingstilbod, i samband med oppstart av Raskere tilbake-ordninga frå sentralt hold. Ved utgangen av 2012 hadde 1057 Raskere tilbake-pasientar fått behandling ved TRK. Det tilsvarar ca. 200 pasientar årleg. I 2012 mottok TRK tilvisningar frå 25 av de 36 kommunane i Møre og Romsdal fylke, 20 kommunar nytta ordninga Raskere tilbake.
Undersøkingar
Pasientar får tilsendt eit spørjeskjema før undersøking ved poliklinikken. Skjemaet skal fyllast ut og takast med til undersøkinga, og er ein viktig del av utgreiinga. Undersøkinga gjerast av fysioterapeut og varer i omtrent 1,5 - 2 timar.
Behandling
Vi gjer funksjonsvurderingar og gir tilbod om behandling både i grupper og individuelt. Viss du er eller står i fare for å bli sjukmeldt, kan legen tilvise deg innan ordninga Raskere tilbake. Vi har tilbod om ryggkurs som varer i 10 dagar der deltakrane får undervisning og treningsrettleiing. Vi driv treningsgrupper gjennom heile året, både i sal og i basseng. Vi samarbeidar med nevrologane på avdelinga og andre faggrupper. Målgruppa vår er vaksne mellom 18 og 67 år med ryggsmerter.
Kva du skal gjere viss du får vondt i ryggen – TIPS OG TRIKS
Instruksjon i øvingar
”Gulløvingar”
Dette er 3 øvingar som er gode å gjøre viss du får akutte ryggsmerter. Målet er å få i gang rørsle i nedre del av ryggen, betre blodsirkulasjonen og dei verkar også bevisstgjerande for rygg- og bekkenstilling. Det viktig at ein gjer små rørsler med lite kraft. Mange repetisjonar.
Ingen av desse rørslene skal føre til smerteauking, men dei kan ”rive” litt i starten viss muskulaturen er veldig spent.
Bruk hugseregelen: Gjer det du klarar og kvil når du må!
Gulløving 1 - Bekkenvipp
Ligg på ryggen med beina i bøy. Så tenkjer du at du skal presse korsryggen ned mot underlaget. Ligg heile tida godt nedpå, unngå å løfte setet. Bruk så lite kraft som mogleg da du skal bruke dei små musklane til å gjere rørsla. Slipp opp. Ha fri pust heile tida.
Gulløving 2 - Salsa
Ligg på rygg, enten med beina strak eller i bøy. Tenk at du skal forkorte det eine beinet i forhold til det andre, ved å trekke hoftekammen nærast mogleg ribbeina dine. Slipp. Bytt side. Gjer det rolig og bruk lite muskelkraft.

Gulløving 3 - Rotasjonar
Ryggliggande med beina i bøy og føtene samla. Beveg samla bein frå side til side – start med liten rørsle auk etter kvart.
Nyttig informasjon
Betaling:
Ved konsultasjon hos fysioterapeut betalast ein eigenandel etter gjeldende takster.
På 10-dagerskurset betalast det kun ein eigenandel pr kurs.
Ved deltagelse på treningsgruppe og bassenggruppe så betalast det kun ein eigenandel, uavhengig av antall dager du deltar.
Når en deltar på bassengtrening i Moldebadet må en betale inngangspengar pr. gong etter gjeldende takster.
Kven kan tilvise:
Vi må ha skrifteleg tilvising frå lege/fastlege eller kiropraktor/manuellterapeut før du får tilbod om time.
Tilvisinga skal sendast til Nevrologisk avdeling/poliklinikk, Molde sjukehus.
Ventetid:
Ventetida er for tida 3 - 4 månader. Dette gjeld alle pasientar.