Revmatologisk poliklinikk

På revmatologisk poliklinikk får pasientar utgreiing og behandling for revmatiske sjukdommar.

Les meir om Revmatologisk poliklinikk

Revmatologisk poliklinikk

Poliklinikkinngangen på nordsida av sjukehuset.

Poliklinikkinngang-alesund-sjukehus.jpg 

Tilvisingar til revmatologisk avdeling

(Refr: Prioriteringer av spesialisthelsetjenester og rett til nødvendig helsehjelp av 7.juli-04, Norsk Revmatologisk Forening sin tolkning av forskriften i des. 04.  Linker)

Alle pasientar med inflammatoriske revmatiske sjukdommar har rett til nødvendig helsehjelp. Ein del pasientar med degenerative sjukdommar er også prioritert i revmatologi.

Revmatologiske avdelingar i Norge har stor pågang av tilvisingar, og må difor prioritere pasientane. For å gjere det på best mogleg måte er vi avhengig av gode tilvisingar fra fastlegane. Dessverre mangler mange tilvisingar viktige opplysningar. Særs viktig i vår vurdering av tilvisingane er undersøkinga som blir gjort av legen, ikkje kun pasienten si oppleving av smertene.

Ei tilvising må innehalde:

  • Klar problemstilling/ anamnese med symptommønster.
  • Kliniske funn ved undersøking
  • Evt. laboratoriefunn
  • Evt. røntgen u.s.

Ved mistanke om artritt/ polyartritt:

  • Varigheit av leddplager
  • Hovne eller ømme ledd – inklusiv klinisk undersøking
  • Morgonstivheit, redusert funksjonsnivå
  • Lab.funn – SR/ CRP, evt. RF/ Anti-CCP evt. relevant serologi ved mistanke om reaktiv artritt.

Ved mistanke om Mb. Bechterew:

  • Inflammatoriske låge ryggsmerter
  • Morgonstivheit  > 30 min.
  • Aktivitetslindring
  • Effekt av NSAID
  • Varigheit av ryggplager
  • Vevstype HLA-B27
  • Rtg. u.s av Iliosacral-ledd  (Evt. MR eller CT)

Diagnosar

Revmatologiske sjukdommar kan delast inn i fire hovudgrupper:

  • Inflammatoriske sjukdommar (til dømes leddgikt, psoriasisleddgikt og Bekhterevs sjukdom)
  • Bindevevssjukdommar (til dømes Sjøgrens syndrom og lupus)
  • Degenerative sjukdommar (til dømes slitasjegikt og beinskjørhet)
  • Bløtdelsrevmatisme (til dømes fibromyalgi)

Inflammatorisk sjukdom betyr at der er ein betennelse i kroppen, til dømes i ledd. Betennelsen skuldast ikkje bakteriar eller virus (som ved infeksjonar). Ein veit pr i dag ikkje årsaka til at ein slik betennelse/inflammasjon skjer.

På revmatologisk avdeling blir i hovudsak pasientar med inflammatoriske sjukdommar og bindevevssjukdommar behandla.

Pasientar med degenerative sjukdommar blir i nokre tilfelle henvist til revmatologisk avdeling eller ortopedisk avdeling, men kan i dei fleste tilfelle bli fylgt opp i kommunehelsetenesta.

Blautdelsrevmatisme omfattar ulike diagnosar, symptom og plager frå musklar, sener og ledd (til dømes fibromyalgi). Pasientar med blautdelsrevmatisme blir i hovudsak fylgt opp i kommunehelsetenesta.

Barn med revmatiske sjukdommar blir i hovudsak følgt opp på barneavdelinga eller ved andre sjukehus.

Undersøkingar

Klinisk undersøking:
Klinisk undersøking er ein vesentlig del av utgreiinga ved mistanke om revmatisk sjukdom. Ved undersøking av ledda ser legen spesifikt etter om det er hevelse, varmeauke, ømheit eller nedsett funksjon i ledda, kort sagt om det er teikn til betennelse eller ikkje.
Saman med sjukehistoria er klinisk undersøking eit viktig reiskap for å stille rett diagnose og kunne gje rett behandling.
Supplerande undersøkingar blir også brukt som hjelpemiddel for å stille diagnose og vurdere behandling:

Blodprøver:
Ulike blodprøver kan være ei rettesnor som kan peike i retning av ulike revmatiske sjukdomar, men  ein kan ikkje stille diagnosar utelukkande ved hjelp av blodprøver.

Schirmers test:
Schirmers test er måling av tåreproduksjon ved hjelp av filterpapir på begge auge. Den skjer ved at ein legg eit filterpapir under nedre augelokk på begge auge. Ein skal ikkje bruke augedråpar eller kontaktlinser den dagen ein skal ta Schirmers test. Elles er det ingen førebuingar. Undersøkinga blir brukt ved utgreiing i forhold til Sjøgren syndrom.

Sialometri:
Sialometri er måling av spyttproduksjon. Den er smertefri og tek 15 minutt. Ein skal ikkje ete, drikke eller ha noko i munnen den siste timen før undersøkinga. Elles er det ingen førebuingar. Undersøkinga blir brukt ved utgreiing i forhold til Sjøgren syndrom.

Bildediagnostikk:
Nokre gonger kan bildediagnostikk vere viktig i utgreiing og oppfølging.

  • Ultralyd
    Ultralyd blir gjort av legar på revmatologisk avdeling. Det viser kroppens blautdelar, ein kan til dømes sjå om der er pågåande leddhinnebetennelse (synovitt) i eit ledd, og ein kan sjå nøyaktig kvar betennelsen sit, og graden av inflammasjon (betennelse). Ultralyd blir også brukt som hjelpemiddel når legen skal setje sprøyte i eit ledd.

    Andre gonger er det nødvendig å henvise pasienten til andre avdelingar for bildediagnostikk, til dømes røntgen, isotop eller MR-undersøking.
  • Røntgen:
    Røntgen er den beste undersøkinga av beinvev/skjelettviser og kan vise varige forandringar i beinvevet. Ein kan ikkje sjå blautdelane rundt ledda på røntgen. Enkelte gonger må ein ta røntgen av anna enn ledd, til dømes lunger.
  • CT er ei meir detaljert røntgenundersøking.  
  • MR:
    MR-maskina består av ein kraftig magnet, ein radiosender, ein radiomottakar (antenne) og ei datamaskin. MR kan gje informasjon om aktiv inflammasjon (betennelse) i ledd eller blautdelar som senefester, slimposar og muskulatur.  
  • Scintigrafi:
    Skjelettscintigrafi viser ei oversikt over heile skjelettet.Ved skjelettscintigrafi blir det brukt eit radioaktivt merka kjemisk stoff som inneheld fosfat. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det teke opp av beina i kroppen. Ekstra store konsentrasjonar av desse isotopane vil ein ha i beinområde med auka blodtilførsel og høg aktivitet i samband med nedbryting og oppbygging av bein. Dette vil vere område der det føreligg ein sjukdom eller ein skade. Skjelettscintigrafi kan bli brukt til å finna inflammasjon (betennelse) i skjellettet eller til å utelukke vondarta sjukdom.

Fysioterapi:
Fysioterapi inngår i den totale vurdering og behandling av pasientar med revmatiske sjukdommar. Fysioterapivurdering vil difor som regel enten skje ved revmatologisk poliklinikk eller under innlegging i revmatologisk avdeling.

Revmatiske sjukdommar kan føre til smerte og funksjonsproblem i rørsleapparatet og både undersøkinga og den fysikalske behandlinga har som mål å kartlegge dette, og likeins foreslå tiltak som skal verke positivt inn på funksjonsevne og livskvalitet.

Fysioterpeut i arbeid.jpg
 

Ergoterapi:
Ergoterapi inngår som ein del av det tverrfaglege tilbodet ved revmatologisk avdeling, både på sengepost og i poliklinikk. Ergoterapifaget har hovudfokus på aktivitet og ser på samanhengen mellom helse, aktivitet og miljø. Dersom den revmatiske sjukdommen medfører vanskar med å utføre daglege aktivitetar, anten det er heime, i arbeid, på skule eller i fritidssammanheng, bør vedkomande henvisast til ergoterapeut. Målet er at pasienten skal behalde livskvalitet og vere mest mulig sjølvhjelpen i daglege aktivitetar som den enkelte synest er viktige.

Ergoterapeuten bidrar med kartlegging og vurdering av funksjon, arbeid-/heimesituasjon og buforhold. Det blir gitt hjelp til søknad på tekniske hjelpemiddel og tilpassing av handskinner/ortoser.

Behandlingar

Behandlinga som blir gitt ved revmatologisk avdeling blir til ei kvar gitt i henhold til nasjonale og internasjonale retningsliner. Pasientar får behandling ut frå diagnose og alvorsgrad av sjukdommen. Lege og pasient kjem i samråd fram til kva behandling pasienten skal ha.

Behandlinga kan i grove trekk delast inn i desse gruppene:

Ikkje-medikamentell behandling:

  • Aktivitet
  • Trening
  • Fysioterapi

Medikamentell behandling:

  • Lokalbehandling:
    Injeksjonar i til dømes ledd, senefester eller slimposar. Dette er behandling som blir vurdert fortløpande og ofte bestemt mens pasienten er på poliklinikken eller sengeposten.
  • Systemisk / medikamentell behandling:

I den systemiske medikamentelle behandlinga av revmatiske sjukdomar kan vi dele medikamenta inn i fire grupper:

  1. Smertestillande (Til dømes Paracet, Paralgin forte, Nobligan)
  2. NSAID’s (Forkortinga står for ”Non Steroid Anti Inflammatoric Drugs”). På norsk ofte kalla betennelsesdempande. (Til dømes Ibux, Naprosyn, Voltaren)
  3. Steroider (kortisonpreparater, til dømes Prednisolon)
  4. Sjukdomsmodifiserande medikament. Her er to undergrupper:
    • DMARD’s Forkortinga står for ”Disease Modifying Anti Rheumatic Drugs”. På norsk: sjukdomsmodifiserande medisinar. (Til dømes Methotrexate, Salazopyrin EN, Arava)
    • Biologiske legemiddel (Til dømes Humira, Enbrel, Remicade, Orencia, MabThera)

Les meiar om dei biologiske behandlingane:

GruppeNavnGies som
TNF-hemmereEnbrel (Etanercept)
Humira (Adalimumab)
Remicade (Infliximab)
Sprøyte i underhud ukentlig
Sprøyte i underhud på sykehus
Intravenøst på sykehus
B-cellehemmereMab Thera (Rituximab)Intravenøst på sykehus
T-cellehemmereOrencia (Abatacept)

Intravneøst på sykehus

 

Revmaskolen

Kurs for vaksne med nyoppdaga betennelsesaktig revmatisk sjukdom (leddgikt, psoriasisleddgikt, ankyloserande spondylitt/Bekhterev, Sjøgren).

Revmaskolen har tre ulike kurs i regi av revmatologisk avdeling

  • Leddgiktskurs
  • Spondylartrittkurs
  • Sjøgrenkurs

For kven
Kursa er spesielt tilrettelagt for dei som har nokså nyoppdaga skjukdom (i løpet av dei sista par åra)

Kva kan du lære
Føremålet med kursa er at deltakarane skal få kunnskap om sjukdommen og ulike typar behandling, og at dei skal vite kva dei sjølv kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen i kvardagen. Dei skal også kjenne seg trygg på når dei bør kontakte helsepersonell som fylgje av sjukdommen eller behandlinga.

Korleis arbeider vi
Leddgiktskurset og Sjøgrenkurset går over to påfølgande dagar, kl 10-15.30, mens Bekhterevkurset går over ein dag, fra kl 10-17.
Undervisningsforma varierer mellom forelesingar, aktivitet individuelt og i grupper, og utveksling av erfaringar.

Innhald/tema
Sjukdomslære, medikament, kosthald, daglege aktivitetar, fysisk aktivitet, trygderettar, naturlege psykiske reaksjonar i høve til kronisk sjukdom.

Samarbeidspartar
Norsk Revmatikerforbund
Kursa er utvikla i samarbeid med brukarar og Lærings- og meistringssenteret.

Tilvising/påmelding
For å kunne delta treng du tilvising frå lege. Tilvisinga blir registrert i ei venteliste, og du får innkalling med meir detaljert informasjon om dato for kurset, program, kurslokale og anna informasjon.

Tilvisinga skal sendast til
Ålesund sjukehus
Revmatologisk avdeling
6026 Ålesund

Kontaktperson
Kristin Grepstad Mørkeseth Tlf: 70 10 54 00

Praktisk informasjon
Du betaler eigenandel som ved ein poliklinisk konsultasjon hvis du ikkje har fått frikort. Pårørande betaler ikkje eigenandel.
Betaling for mat på kurset: kr 100/dag pr. person. Det same gjeld for pårørande. Du får tilsendt ein giro for betaling både for deg og pårørande.

Timeekspressen og alle andre bussar i området i og rundt Ålesund går innom busslomma ved sjukehuset i Ålesund.
Reise- og opphaldsutgifter

Reise- og opphaldsutgifter, meir informasjon 

Opningstider

Opningstida er frå klokka 08:00 til 15:30. Mandag - fredag.
Telefonen til ekspedisjon/poliklinikk er stengd frå klokka 11:30 - 14:00 kvar dag.

Vi prøver i størst mogleg grad å sende innkallingsbrev i god tid, men av og til blir det avbestillingar, og då må vi ringe for å gje time på kort varsel. Det er særs viktig å melde frå i god tid dersom du ikkje kan møte til timen.

Det er ca 6000 konsultasjonar på poliklinikken kvart år. 

Telefonnummer til ekspedisjon/polikilnikk: 70 10 54 00.

Sjukepleiarane på poliklinikken

Sjukepleiarane på revmatologisk poliklinikk kan svare på spørsmål frå pasientar på kontaktsjukepleiartelefonen:

70 10 53 93 (kl. 09:00 - 12:00)

Kristin Grepstad Mørkeseth
Tanja Ervik-Blomli
Hanne B. Ødegård
Nanette Skodje Olsen

Betaling

Pasientar betaler eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort.
I luka ved poliklinikken kan ein betale med bankkort eller få med seg ein giro. Dersom du ønskjer å betale med kontantar kan du gjere det på servicetorget som ligg i hovudvestibyen.

Kontakt

Oppmøtestad
Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset. Revmatologisk poliklinikk og hud poliklinikk har no felles luke. Du går til venstre når du kjem inn inngangspartiet.
Telefon
70 10 54 00
måndag08:00 - 15:30
tysdag08:00 - 15:30
onsdag08:00 - 15:30
torsdag08:00 - 15:30
fredag08:00 - 15:30
Telefonen er stengd mellom 11:30 - 14:00 kvar dag
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal

Ålesund sjukehus
Revmatologisk avdeling
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Måling av tåreproduksjon ved utgreiing av revmatologisk sjukdomhttps://helse-mr.no/behandlinger/maling-av-tareproduksjon-ved-utgreiing-av-revmatologisk-sjukdomMåling av tåreproduksjon ved utgreiing av revmatologisk sjukdomMShirmers test - måling av tåreproduksjonShirmers test - måling av tåreproduksjonShirmers test - måling av tåreproduksjonShirmers test - måling av tåreproduksjon