Avrusing rusbehandling TSB Ålesund

Vi tar imot rusavhengige over 18 år. I tett samarbeid med barnevernet kan vi ta imot ungdom ned til 15 år. Vi tilbyr både planlagte og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar der tre av dei er akuttplassar. Lengde på planlagt behandling hos oss skal vere individuelt tilrettelagt, men vanleg behandlingstid er 1 – 4 veker.

Les meir om Avrusing rusbehandling TSB Ålesund

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund

Innlegging skjer frivillig etter Spesialisthelsetjenesteloven § 3-12. Vi tar også imot innleggingar etter Helse og Omsorgstjenesteloven § 10-2,10-3 og 10-4

Seksjonen er lukka og pasientane er definerte som skjerma. Det er avgrensa adgang til besøk og telefonar av andre enn nære pårørande.

Personalet vårt består av sjukepleiarar, psykiatrisk sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, lege og psykiater.

 

Kontakt

Oppmøtestad
Resepsjonen ved hovudinngangen.
Telefon
70105000
E-post
Postadresse
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Ålesund behandlingssenter
Besøksadresse
Ålesund behandlingssenter(Google maps)
Vestmoa 27
Telefon
70105000

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Besøkstid ved seksjon for avrusing

​Besøkstid er alle dager mellom kl 17:00 -19:00. Anmoder om at man tar kontakt med seksjonen og avklarer før besøk.

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Abstinensbehandlinghttps://helse-mr.no/behandlinger/abstinensbehandlingAbstinensbehandlingAAbstinensbehandlingAbstinensbehandlingAbstinensbehandlingAbstinensbehandling
Avrusinghttps://helse-mr.no/behandlinger/avrusingAvrusingAAvrusningAvrusningAvrusningAvrusning

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.