Poliklinikk rusbehandling TSB Ålesund

Vi har tilbod til pasientar som er søkt inn til døgnbehandling og fått rett til tverrfagleg spesialisert behandling (TSB). Kor lenge ein får behandling ved poliklinikken blir vurdert individuelt, men kan strekke seg over eitt år, avhengig av oppfølgingsbehovet ditt.

Les meir om Poliklinikk rusbehandling TSB Ålesund

Poliklinikk rusbehandling TSB Ålesund

Poliklinikken gir også eit tilbod til familie/pårørande som har familiemedlem i behandling ved Ålesund behandlingssenter. Pårørande kan få eigen rett til behandling eller dei kan få tilbod som eit ledd i pasienten si behandling.

Kontakt

Oppmøtestad
Resepsjonen ved poliklinikken
Telefon
70 10 50 00

Slik kjem du deg til Ålesund behandlingssenter

 Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje.

ÅlesundBS_Nyefarger.jpg 

Praktisk informasjon

Endre/avbestille time

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Rusavhengigheit poliklinisk behandling, Ålesund BShttps://helse-mr.no/behandlinger/rusavhengigheit-poliklinisk-behandling-alesund-bsRusavhengigheit poliklinisk behandling, Ålesund BSRRusavhengighet poliklinisk behandlingRusavhengighet poliklinisk behandlingRusavhengigheit poliklinisk behandlingRusavhengighet poliklinisk behandling