Avdeling Molde behandlingssenter

Samla sett inneheld avdelinga eit breitt spekter av tilbod;  dagbehandling, poliklinisk behandling, legemiddelassistert behandling (LAR), Raskare Tilbake og døgnbehandling/utgreiing av ulik lengde/innhald. Vi yter også tenester utanfor eigen avdeling, bl.a. inn mot arbeidsliv, fengsel, psykisk helsevern, kommunale tenester og somatiske sjukehus.

Les meir om Avdeling Molde behandlingssenter

Avdeling Molde behandlingssenter

Molde behandlingssenter er ein del av spesialisthelsetenesta, vi er plassert sentralt ved Glostuvegen 50 i Molde.
Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige. Tilbodet ved Molde behandlingssenter blir individuelt tilpassa. Vi tilbyr både langtids døgnbehandling og poliklinisk behandling.

 

Sentralt i behandlinga er

  • Fellesskap
  • Meistring
  • Relasjon
  • Aktivitet
  • Sosialt nettverk
  • Familie og pårørande
  • Kulturtilbod
  • Friluftsliv

Hos oss fokuserer vi på fellesskapet som metode. Det er saman med andre i tilsvarande situasjon vi skaper dei beste føresetnadene for å bli rusfri.

Organisering

Seksjon for døgnbehandling

Poliklisisk seksjon

Leiing

Berit Kalgraff
Avdelingsjef
Telefon: 41 04 76 27
 
 
 
 

 


 

Berit Øksenvåg-Risbakken
Seksjonleiar døgn "Veksthuset"
Telefon: 91 87 54 17

 


 

 


Heidi Gudbransen.jpg Heidi Gudbrandsen

Seksjonleiar Poliklinikk

Telefon: 92 63 51 61

 

 

 

 

Venneforening

Brukarane av Molde behandlingssenter har ei gruppe frivillige brubyggjarar, som er organiserte i "Veksthusets Venner"

Venneforening Veksthusets venner

Slik kjem du deg til Molde behandlingssenter

Vi kan hente deg på flyplassen om du kjem med fly til Molde lufthavn Årø, eller på rutebilstasjonen om du kjem med buss til Molde.

Vi har i ei årrekke hatt som vane å hente pasientane for å sikre at dei kjem seg hit.

Poliklinisk seksjon Molde har flyttet til nye lokale i Sandvegen 8, Molde sentrum du kan lese om det her 

Parkering og inngang ved Molde behandlingssenter (pdf)

 

Praktisk informasjon

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Rusavhengigheit langtids døgnbehandling, Molde BShttps://helse-mr.no/behandlinger/rusavhengigheit-langtids-dognbehandling-molde-bsRusavhengigheit langtids døgnbehandling, Molde BSRRusavhengighet langtids døgnbehandlingRusavhengighet langtids døgnbehandlingRusavhengigheit langtids døgnbehandlingRusavhengighet langtids døgnbehandling
Rusavhengigheit poliklinisk behandling Molde BShttps://helse-mr.no/behandlinger/rusavhengigheit-poliklinisk-behandling-molde-bsRusavhengigheit poliklinisk behandling Molde BSRRusavhengighet poliklinisk behandlingRusavhengighet poliklinisk behandlingRusavhengigheit poliklinisk behandlingRusavhengighet poliklinisk behandling

Arrangement

Rus- og avhengigheitsbehandling døgnseksjonenhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-rus-og-avhengigheitsbehandling/avdeling-molde-behandlingssenter/dognseksjon-molde-behandlingssenterRus- og avhengigheitsbehandling døgnseksjonen
Rus- og avhengigheitsbehandling poliklinikk Moldehttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-rus-og-avhengigheitsbehandling/avdeling-molde-behandlingssenter/poliklinikk-molde-behandlingssenterRus- og avhengigheitsbehandling poliklinikk Molde