Langtids døgn rusbehandling TSB Molde

Seksjonen tilbyr tverrfaglig spesialisert behandling for rusavhengige(TSB). Å bestemme seg for å seie farvel til rus og rusmiljøet er eit modig og godt val. Det er ikkje lett å gi slepp på rusen, men behandling nyttar. Det har vi erfart sidan 1988. Hos oss fokuserer vi på fellesskapet som metode. Det er saman med andre i tilsvarande situasjon vi skaper dei beste føresetnadene for å bli rusfri.

Les meir om Langtids døgn rusbehandling TSB Molde

Langtids døgn rusbehandling TSB Molde

Sentralt i behandlinga er:
  • Fellesskap
  • Meistring
  • Relasjon
  • Aktivitet
  • Sosialt nettverk
  • Familie og pårørande
  • Kulturtilbod
  • Friluftsliv

Tilbodet ved Molde behandlingssenter blir individuelt tilpassa i døgnavdeling og poliklinikk. Dagbehandling i grupper høyrer med i denne behandlinga. Behandlinga er tilrettelagd for begge kjønn og for par.

Kontakt

Slik kjem du deg til Molde behandlingssenter

Vi kan hente deg på flyplassen om du kjem med fly til Molde lufthavn Årø, eller på rutebilstasjonen om du kjem med buss til Molde.

Vi har i ei årrekke hatt som vane å hente pasientane for å sikre at dei kjem seg hit.

Poliklinisk seksjon Molde har flyttet til nye lokale i Sandvegen 8, Molde sentrum du kan lese om det her 

Parkering og inngang ved Molde behandlingssenter (pdf)

 

Praktisk informasjon

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Rusavhengigheit langtids døgnbehandling, Molde BShttps://helse-mr.no/behandlinger/rusavhengigheit-langtids-dognbehandling-molde-bsRusavhengigheit langtids døgnbehandling, Molde BSRRusavhengighet langtids døgnbehandlingRusavhengighet langtids døgnbehandlingRusavhengigheit langtids døgnbehandlingRusavhengighet langtids døgnbehandling