Ei dialysebehandling tar omlag fire timar, og dei fleste som går i dialyse har behov for å få behandlinga tre gonger i veka. Sjukepleiarane på dialysen har spesialkompetanse og vidareutdanning i nyresjukdommar, har lang erfaring, og legg vinn på å ha pasienten i fokus. Samarbeidet mellom sjukepleiarane og legespesialisten i nyre, står sentralt.
Dialyseavdelinga i Kristiansund har omlag 10 pasientar kvar dag i dialysebehandling, avdelinga i Molde har omlag 8 pasienter kvar dag.
Til poliklinikken kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av nyresjukdommar, og som ikkje treng døgnopphald.
Nyrespesialistane i Helse Møre og Romsdal samarbeider tett, og har delt nokre oppgåver mellom seg. Difor vil pasientane oppleve å få anlagt blodtilgang (operere inn dialysekateter) i Ålesund, samt at ei eventuell utgreiing for transplantasjon gjerast i Ålesund. Oppstart og oppfølging av dei som nyttar peritonealdialyse (PD) skjer og i Ålesund.