HELSENORGE

Osteoporosepoliklinikken Kristiansund

Til deg over 50 år som har hatt eit lågenergibrot. Har du vore uheldig og fått eit brot i underarm, hofte eller rygg etter fall frå eiga høgde? Dette blir kalla lågenergibrot, og har svært ofte samband med beinskjørheit, såkalla osteoporose. Har du eitt brot, er det stor risiko for eit nytt brot seinare. Osteoporose skuldast ein ubalanse mellom nedbryting og oppbygging av beinvev. Det oppstår strukturelle endringar som gir eit svakare skjelett med auka risiko for beinbrot. Beinskjørheit i seg sjølv gir ingen symptom. Noreg er på verdstoppen i antal lågenergibrot i forhold til folketalet.


Fann du det du leita etter?