Seksjonsleiar: Gudrun Karlsen
Seksjonen har 2 stillingar for ergoterapeut, 6,5 stilling for fysioterapeut, 1 stilling for klinisk ernæringsfysiolog, 0,3 stilling for logoped, 0,5 stilling for sosionom og 0,5 stilling for sekretær/assistent.
Alle våre faggrupper bidreg med undervisning på LMS-kurs.
Fysioterapi
Fysioterapitenesta er først og fremst retta mot deg som er innlagd på sjukehuset. Vi er ein del av eit tverrfagleg team som skal gi deg ein heilskapleg behandling. Fokuset vårt er tidleg mobilisering og tidleg oppstart av oppgåverelatert trening. Vi gjennomfører eit strukturert rehabiliteringsprogram der målet er at du skal gjenvinne så mykje som mogeleg av funksjonane du har tapt.
Kvar veke driv vi polikliniske treningsgrupper.
Hjartetrim
Treningsgruppe 2 gonger pr. veke for pasientar som er hjarteoperert eller har hatt hjarteinfarkt. Ein kan starte opp innan 6 månader etter slik sjukdom, etter tilvisning frå lege.
For pasientar med kreft
Treningsgruppe 2 gonger pr. veke for pasientar med kreftsjukdom, både under behandling og etter avslutta kreftbehandling. Kvar enkelt pasient får i samråd med fysioterapeut tilpasset individuelt treningsprogram. Mange pasientar trenger hjelp av fysioterapeut til å lindre plagene med eksempelvis lymfødem mens andre kan trenge meir omfattande rehabilitering for å komme seg til hektene.
Ergoterapi
Ergoterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose i seg sjølv, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om ergoterapeutane skal koplast inn. Vi har fasilitetar for å trene opp pasientar i daglege gjeremål, og vi har eigen verkstad for tilpassing av skinner, hanskar og liknande.
Klinisk ernæringsfysiologi
Vi driv spesialisert behandling og rådgjeving innan ernæring til pasientar som er innlagt ved Kristiansund sjukehus, i tillegg til nokre pasientar som blir tilvist frå fastlege.
Logoped
Vi har undervisning og behandling av pasientar med problem i tale, språk, stemme eller svelg.
Sosionom
Vi gir råd og informasjon om rettar, stønader og ytingar, bistand ved søknader, og gir tilbud om støttesamtaler.