Visittid for besøkande: Kl. 14.30-15.30 og kl. 19.00-19.30. Det er mulighet for besøk utanom desse tidene, avklar da med personalet.
Måltid: Frokost: 08.00-09.00
Lunsj: 11.30-12.30
Middag: 15.30-16.30.
Kontaktperson blant pårørande
For å kommunisere godt med dine pårørande ber vi om at dykk blir einige om ein person som vi kan ha kontakt med. Vi anbefaler at pårørande ringer oss mellom klokka 12:00 og 14:00. Då skal vi vere tilgjengelege og gi best mogeleg informasjon. Pårørande kan også vere med på legevisitten, dersom du synest det er greit.
Medisinar
Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du brukar.
Personlige eigendelar
Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tek ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.
Permisjonar
Dersom du går ut av avdelinga må du på førehånd avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønsker det, og behandlande lege tillet det, kan du får permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.