Årets fagdag var bygd opp som tidligere der arrangørane hadde invitert eksterne forelesere i tillegg til eigne krefter. Rita Valkvæ frå Kompetansesenter for Rus Midt-Norge innleia med kunnskap om alkohol og medikamentmisbruk hjå eldre, og om verktøy og mot i møte med målgruppa.
Bente Hasle frå høgskulen i Volda snakka om sårbarheit og det å bestemme over eige liv. Gastroenterolog frå sjukehuset i Volda, Øystein Hovlid, og kommunelege Jørgen Roll Hansen frå Ørsta, reflekterte over utfordringar og erfaringar med målgruppa frå deira ståstad.
Ernæringsfysiolog Magnhild Håskjold frå sjukehuset i Volda fokuserte på ernæring og rus, då særskilt med fokus på eldre, før Morten Sivertsen frå NAV på Averøya viste korleis dei praktisk har arbeidd med verktøya i deira kommune.
Les heile reportasja på Høgskulen i Volda si web-side: https://www.hivolda.no/kurs-konferanser-og-seminar-ol/fagdag-om-rus-hja-eldre