Høyringsutkast revidert samarbeidsavtale mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal og kommunane i Møre og Romsdal har revidert gjeldande samhandlingsavtale.

​Formålet er å sikre at avtalen utviklast som rammeverk for samhandlinga og den er i tråd med gjeldande rettspraksis, lover og forskrifter.
 

Høyringsfristen er sett til 12. februar 2020.

Høyringsinnspel skal sendast til: postmottak@helse-mr.no

Høyringsbrev og høyringsutkast finn du her: https://helse-mr.no/fag-og-forsking/samhandling  

Målet med revisjon av Samhandlingsavtalen er å få til et avtaleverk som i enda større grad fremmer utvikling og god samhandling.
I etterkant av vedteke mandat, vart det inngått avtale mellom regjeringa og KS om innføring av «helsefellesskap». Dette gir eit signal om ønska utviklingsretning for samhandlingsavtalen og samhandlingsstrukturen. 

Helsefellesskap

Det er særskilt ønskje i høyringa å få innspel på samhandlingsstrukturen i høve representasjon, organisering og oppgåver. Brukarrepresentantar og fastlegar skal vere involvert på alle nivå. Her ber vi i høyringsspørsmål om at ein særskilt vurderer korleis ein best kan sikre representativitet i utvala. Ein ser for seg at fastleger i hovudsak kan vere representert via praksiskonsulentane. I høve brukarrepresentasjon ber vi om innspel på om det som fast prinsipp skal vere ein brukar frå helseføretaket og ein brukar frå kommunane. Korleis sikrar vi utval av kommunal brukarrepresentant og kven har myndigheita til å utnemne?

Harmonisering 

Forhandlingsutvalet har i prosessen hatt dialog og utveksling av innhald i deler av samarbeidsavtalen, med mål om å få til betre harmonisering.  Avtalestruktur med hovudavtale og reviderte delavtalar er eit resultat av ei slik harmonisering, som har ført til ei justering frå 15 delavtalar til 6 delavtalar.
For å forenkle ytterlegare har forhandlingsutvalet også sett på språk, fjerning av oppattaking og overflødig tekst. Det er lagt inn lenker til lovtekst,  forskrifter, rutinar og andre relevante dokument.

Forhandlingsutvalet har samtidig vore opptatt av å ivareta lokale omsyn/vilkår,  som mellom anna i hovudavtalen og samhandlingsfora.  Her har forhandlingsutvalet valt å gå vidare med dei fire lokale samhandlingsutvala,  til tross for signal i helsefellesskap om tredelt struktur. Bakgrunnen er behovet for lokale fellesarenaer rundt det enkelte sjukehus, med mål om å understøtte lokal oppfølging,  implementering av tiltak og lokalt forbetringsarbeid. 
I delavtale om innlegging og utskriving, vil de sjå ei betydeleg forenkling der fem delavtalar er slått saman til ein delavtale. Revidert delavtale omhandlar også både pasientar innan psykisk helse og rus og somatikk. Sjølv om der er språkmessige endringar, har forhandlingsutvalet innarbeida tidlegare avtalefesta vilkår knytt til betalingsplikt utover det som er forskriftsfesta, som tek i vare konklusjonar frå tidlegare tvistesaker. 

Arbeidsform/prosess 

Forhandlingsutvalet har hatt jamnlege møter med start hausten 2018.  Referat frå møta kan lesast her.

I framlagt til revidert samarbeidsavtale har forhandlingsutvalet utarbeida revidert hovudavtale og delavtale for innlegging og utskriving. Dei andre delavtalane har blitt delegert til etablerte fagråd, kliniske samhandlingsutval og arbeidsgruppe der det var behov for å opprette dette. Desse har vore representert både frå kommunane, helseføretaket og brukarar. 

Høyringsinstansane står fritt til å kommentere andre forhold med utkastet til revidert avtale.  Høyringsinnspel vil danne grunnlag for det vidare arbeidet i forhandlingsutvalet med å ferdigstille revidert samarbeidsavtale. Endeleg forlag skal etter planen bli lagt fram for overordna samhandlingsutval i 4. mars 2020. Revidert samarbeidsavtale vil i etterkant bli sendt til alle kommunar i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF for behandling. Det tas sikte på at revidert avtale skal tre i kraft i løpet av andre kvartal 2020.