I samband med oppstart av Barneblikk i
Ulstein har BUP-Volda, Sjustjerna og Høgskulen slått seg saman for å arrangere
ein fagdag i Volda fredag 24.april 2020. Målgruppa er kommunale helsestasjonar
og psykisk helseteneste, PPT, skular, barnevern, fastlegar, BUP og Høgskulen i
Volda og studentar, men kan og være nyttig for foreldre og fosterforeldre.
Sentrale tema
Kva for konsekvensar får traume og
stressrelaterte lidingar for utviklinga til barn? Korleis finn vi desse barna
slik at vi kan gi dei hjelp? Kan vi førebygge? Korleis følgjer vi opp barn som
har opplevd traume?
- Vi ønskjer at fagdagen skal gi
bakgrunnskunnskap og skape forståing for kvifor vi startar opp
Barneblikk-prosjektet fortel Mette Grytten, leiar for Barneblikk-satsinga.
Stine Lehmann, spesialist i klinisk barne-
og ungdomspsykologi, førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, Univ. i
Bergen tar opp temaet traume- og stressrelaterte symptom hos barn og unge.
Konsekvensar av omsorgs-svikt og mishandling.
Kjartan Leer-Salvesen, professor ved
Høgskulen i Volda vil snakke om meldeplikt til barnevernet sett ut frå empiriske,
etiske og juridiske betraktningar.
Presentasjon av småbarnsteamet ved BUP
Volda vert presentert av Ingvill Vik, overlege, og Ingrid Sævik,
sosionom/familieterapeut.
Mette Grytten, leder for Barneblikk, og
Jorunn Osnes, helse-sjukepleiar ved Ulstein helsestasjon vil fortelje om Satsing
på Barneblikk. Kva har vi fått til i Molde og Ålesund, og kva blir Barneblikk
på Søre Sunnmøre?
Fullt program og link til påmelding
Påmeldingsfrist 16.april
Pris: 300,- inklusiv lunsj