
Lasse Alexander O. Honningsvåg, brukerrepresentant
Bakgrunnen for det digitale seminaret var at ungdomsrådet i Helse Møre og Romsdal (HMR) ynskja å nå ut til personar som treff ungdomar med angst og depresjon i kommunane. Det vart eit konstruktivt samarbeid mellom alle partar og mange tema vart belyst på webinaret med over 200 deltakarar frå dei fleste kommunar og etatar i heile fylket. Manuela Strauss, avdelingsleiar psykisk helsevern barn og unge (BUP) leia dagane. Første dagen starta med den sterke historia til Lasse Alexander Olsen Honningsvåg som har slite med angst og depresjon frå ung alder. Lasse vektla kor viktig det var at nokon såg han og tok han på alvor. I tillegg til at han fekk medvirke slik at det bedre vart tilrettelagt mellom anna i skulen. Barnepsykiater Ann Christin Andersen viste det faglege perspektivet. Andersen fortalte om kva ein kan sjå etter for at Lasse og andre ungdomar i hans situasjon skal kunne få hjelp. Ho bekrefta viktigheita av å bli sett tidleg og det å få medvirke som viktige redskap.
Dag to presenterte miljøterapeut Johny Helseth korleis han og kollegaer i LOS-prosjektet i Kristiansund kommune arbeider. Deira første møte med ungdomar var viktig for å oppnå tillitt. Webinaret vart avslutta med ein paneldebatt om samhandling, der eit engasjert panel på tvers av etatar og brukarrepresentant Lasse Olsen Honningsvåg vektla at ungdomar må verte sett så tidleg som mogleg for å førebygge alvorleg psykisk sykdom.
Arrangørane ynskjer gjerne å få til eit nytt webinar og det kom mange gode innspel og forslag til tema for komande arrangement.
Er du nysjerring på ungdomsrådet i HMR kan du lese meir her