Meistringskurset "Framover" er eit tilbod for personar i heile Møre og Romsdal. Kurset haldast i Biblioteksalen, Ålesund Rådhus, tysdag 3. og 10. mai mellom kl. 1700 - 1930. Tilbodet er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Lærings- og meistringssenteret i Møre og Romsdal.
Dette er eit kurs ein ikkje treng tilvising frå legen, så her er det berre å melde seg på sjølv!
Innhald:
- Identifisering av utfordringar knytt til sjukdom, samt det å vere pårørande
- Brukar- og pårørandehistorie
- Korleis kvardagen kan bli påverka
- Kroppslege endringar, synlege og usynlege plager, psykisk helse
- Tap og sorg
- Kommunikasjon, roller og samliv
- Kvardagsmeistring med kognitive meistringsverktøy
- Refleksjon og erfaringsdeling
For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med: