Vikarierande teamkoordinator for Læring og meistringsenteret (LMS) i Møre og Romsdal, Astrid Ljøkjell Solem, er nøgd med at avdelingane fortsatt er gode til å omstille seg og har fått til mange varierte kurs- og opplæringstilbod. Dette trass i at retningslinjer vedrørande smittevern har endra seg kontinuerlig gjennom året.
Katalogen over kurs og opplæringstilbod vert ikkje lenger sendt ut i papirform, men sendt ut på e-post til ulike aktørar og fins tilgjengeleg på nett. I katalogen under kan du til dømes søke på stad eller behandling, så den gir ei god oversikt over tilboda som fins i fylket vårt og i heile Helse Midt-Norge. Det kan vere kurs eller gruppeopplæring for personar med ei helseutfordring, pårørande eller helsepersonell. Det er viktig å merke seg at ein del av kurstilboda også er digitale, så du kan verte henvist til dei uavhengig kvar du bur.
Oversikt over kurs og gruppetilbod i HMR 2022
Velkommen på kurs i 2022!
Søkbar oversikt sortert etter dato, annan informasjon om pasient og pårørandeopplæring og kontaktinformasjon til Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal finn du på Pasient og pårørandeopplæring HMR