Di historie tel - brukarhistoriekurs

Viktig erfaringsutveksling mellom brukarar og lærdom til å utvikle si eiga historie.

Brukerrepresentanter
Brukarrepresentantar på kurs i Molde, hausten 2021

Lærings- og meistringssenteret, i samarbeid med FFO og SAFO har nyleg gjennomført kurs i Molde for personar som er og som ønsker å verte brukerrepresentantar. Her ser ein brukarmedverknad i praksis.

Sit du med erfaringar frå eigen sjukdom som du gjerne vil dele med andre? Lurer du på om du kan bli ein brukarrepresentant? Meld deg på kurs 28.oktober og 4.november i Ålesund.

Les meir om påmelding og praktisk informasjon i kursbrosjyra.

Tilbakemelding frå deltakar:
"Har lært masse, fått inspirasjon, ny innsikt og truffet så kjekke mennesker. Veldig takknemmelig for at slike kurs finnes - uvurderlig!"