HELSENORGE

Seminar om hjerne, kropp og balanse

Hjerneforskar Per Brodal er invitert til samtale med fysioterapeut Britt Fadnes med innspel frå fleire. Vel møtt til seminar 22. september på Plassen i Molde.


Hjerneforsker Per Brodal
Seminar 22. september med fysioterapeut Britt Fadnes i samtale med hjerneforsker Per Brodal
For ca 22 år siden stilte fysioterapeut Britt Fadnes og hjerneforskar Per Brodal seg følgjande spørsmål: Er det ein samanheng mellom kroppsleg balanse og mental kontroll? I så tilfelle kva samanheng? Etter mange år med djupdykk, er det no mogleg å få høyre litt meir om det kompliserte samspelet mellom kropp og hjerne.

Vel møtt til gratis seminar i Storyville, Plassen i Molde, torsdag 22. september 2022 kl. 10.00 - 14.00

I tillegg inneheld seminaret

  • Innspel frå andre
  • Musikalsk innslag med Amtmann Leths døtre
  • Enkel servering

Les invitasjon til arrangementet (pdf)

Du treng ikkje påmelding til seminaret, det er berre å møte opp. Seminaret vert arrangert av Britt Fadnes og Moldebiblioteket.