Til trass for pågåande pandemi, så har 2021 bydd på mange høgdepunkt innan simulering. Sjølv om pandmien har lagt ein demper på fysiske samankomstar så har VirtSim nok ein gong hatt eit innhaldsirkt år der dette har vore blant høgdepunkta
SimiLIS gjennomført
Simuleringseininga VirtSim har våren og hausten 2021 gjennomført SimiLIS, simulering med fokus på LIS 1 legar i samhandling med sjukepleiarar frå alle akuttmottak i HMR. Aktiviteten har vore krevjande å gjennomføre grunna driftssituasjonen i pandemien. Også den årlege simuleringsaktiviteten, veiledningssimulering, med spesialsjukepleiarstudentar frå anestesi, intensiv og operasjon er gjennomført trass utfordringar knytt til in situ simulering i intensivseksjonane med eit høgt pasientbelegget grunna Covid-19.

teamkoordinator Elisabeth Forberg
VirtSim fekk hausten 2021 tildelt 10 % stilling knytt til barneavdelinga i Ålesund, 20% stilling intensivavdelinga i Ålesund og 20% stilling ekstra til VirtSimkoordinator i Molde. Midlane gjekk ut 31.12.21.
-VirtSim har hatt fokus på ferdigheitstrening i sengepostar i 2021 og har drifta eit kvalitetsforbetringsprosjekt i Volda, med gode tilbakemeldingar, basert på regionale pasientsikkerheitsmidlar. VirtSim har gitt opplæring til to instruktørar i kirurgisk avdeling som igjen har gitt denne opplæringa til sine sjukepleiekollegaer i seksjonen. VirtSim har breidda konseptet til to seksjonar i Ålesund sjukehus. Ein ser føre seg at slik kan ein bygge meir fagleg robuste sengepostar ved å styrke sjukepleiarane sin kompetanse som også vert brukt inn mot sjukepleiestudentar i deira praksisperiode, fortel teamkoordinator Elisabeth Forberg.
Elles har VirtSim spelt ei aktiv rolle i arbeidet med å utforme simuleringslokalitetane i nye SNR og i arbeidet med å skaffe simuleringslokalitetar i 6. etasje i Ålesund sjukehus. Lokalitetane skal stå ferdig hausten -22. -Vihar jobba for naudsynt infrastruktur, som for eksempel eit digitalt kontrollrom, som VirtSim har fått tildelt MTU midlar til i 2022.
Fagseminar utsett til mars 2022
Eit fagseminar var planlagt gjennomført i desember -21, for å styrke tilsette i HMR sin kunnskap om simulering og for å danne eit fagnettverk for fasilitatorar, samt gjere kjent for dei tilsette eit simuleringsnettverk lagt til Teams. Fagseminaret vart avlyst grunna Covid-19 og driftssituasjonen, men det vert lagt til rette for ny gjennomføring våren -22.
Stadig aukande etterspurnad etter VirtSim sine tenester i klinikkane og inn mot studentarbeid er ikkje proporsjonal med VirtSim sine disponible ressursar. Det er eit behov for at VirtSim tilførast fleire ressursar i 2022 til planlegging og utviklingsarbeid og til fasilitering av aktivitetar.
Les meir om fagseminaret
Auka tryggleik og mestring etter simuleringstrening

Frå simuleringstrening i Volda
For VirtSimkoordinator Bodil Helle har det vore kjekt å leie kvalitetsforbedringsprosjektet i Volda. -Det har vore svært motiverande å sjå at prosjektet har skapt eit så stort engasjement blant sjukepleiarane på sengepost i Volda, seier ho.

Bodil Helle er VirtSimkoordinator
Evaluering av øvinga vart gjennomført ved bruk av spørjeskjema, kor dei fleste svarte at dei opplevde auka tryggleik og mestring etter ferdighetstreningen var utført.
For VirtSimkoordinator og instruktørar for kurset var det særleg kjekt å få tilbakemeldingar om at dei tilsette no gledde seg til å utøve prosedyrer dei tidlegare har vore utrygge på. Nokre av sjukepleiarane kunne også fortelje at dei opplevde at kjensla av tryggleiken gjenspegla seg postivt i pasienten si oppleving. I ein vanleg arbeidskvardag er det lite tid til fagutvikling på ein sengepost og dette har vist seg å være eit kjærkome tiltak.
-VirtSim har no utvikla ein mal for å breidde opplæring av ferdigheitsinstruktørar på sengepost. Standardisering av ferdighetstrening er nybrottsarbeid for oss og vi ser på bakgrunn av evaluering og erfaring med dette arbeidet at der er rom for forbetringer og vi er opne for vidareutvikling. Hausten -21 breidda teamet grunntanken og bruken av kursmal til to sengepostar i Ålesund, samt at det inngått samarbeid med innovasjonsprosjektet til David Groot som også skal nytte malen for sentralvenekateter (SVK) og gje opplæring til studentar ved våre sjukehus, forklarar teamkoordinator Elisabeth Forberg.
Innovasjonsmidlar til å utvikle prototype
David Groot har fått tildelt Innovasjonsmidlar frå HMR slik at prototypen på stabilisator (SVK) kan optimailserast og testast skikkeleg. Prototypen skal bidra til å unngå å gjere SVK usteril i samband med stell.

David Groot har utvikla prototype for å gjere det enklare å utføre sterilt stell
-Som sjukepleiar erfarer eg at SVK stell tidvis er utfordrande å utføre sterilt, enten fordi koblingar ikkje ligg stabilt, pasienten beveger på seg, eller eg plutselig trenger mer sterilt utstyr. Eg kjende på kroppen kor vanskeleg det var å utføre prosedyra plettfritt for nokre år sidan då eg skulle demonstrere skifting av treveiskranar for ein student.
Fekk ideen midt på natta
-Kl 4 på morgonen våkna eg med ein idé for eit produkt eg tror vil gjere SVK stell enklare og tryggare. Seksjonsleiar Barbro Teige satte meg i kontakt med dei riktige instanser og vi fekk gjennomført eit pilotprosjekt før jul. Øystein Bjelland produserte prototypen på 3D printerlabben som frivillige sjukepleiarar testa på simuleringsdukker på Ålesund sjukehus. Vi hadde begrensa midlar og sjukehusdrifta gjorde det vanskeleg å gjennomføre testing.
Samarbeid med VirtSim og NTNU
I tillegg har vi etablert eit samarbeid med Elisabeth Forberg (VirtSim) og NTNU sjukepleiestudium der målet er kompetanseheving i SVK stell. Vi tilbyr ferdighetstrening til både tilsette og sjukepleiepleiestudentar, samt at vi no klarer å teste eit innovativt produkt som forhåpentligviss vil gjere SVK stell både enklere og tryggere i framtida, avsluttar Davis Groot.