Ny utdanningskoordinerande overlege på plass

Helse Møre og Romsdal har ansvaret for om lag 350 LIS, og  som utdanningsverksemd har HMR det overordna ansvaret for fagleg innhald og praktisk gjennomføring av LIS utdanninga av legar i alle 33 spesialitetane vi har, i tilllegg til LIS 1.

Frå slutten av august (23.8) skal Jørgen Jareld vere vikar som utdanningskoordinerande overlege. Stillinga er knytt til seksjon for utdanning og kompetanse. 

Helse Møre og Romsdal har ansvaret for om lag 350 LIS, og  som utdanningsverksemd har HMR det overordna ansvaret for fagleg innhald og praktisk gjennomføring av LIS utdanninga av legar i alle 33 spesialitetane vi har, i tilllegg til LIS 1.

Den utdanningskoordinerande overlegen vil ha det overordna ansvaret for å etablere og fasilitere struktur på medisinutdanning som sikrar at LIS ansatt i føretaket får gjennomført utdanninga si med god fagleg kvalitet innanfor ei akseptabel tidsramme og i samarbeid med andre føretak. 

Jareld har 12 års erfaring som barnelege med spesialisering innan barnehabilitering og barnenevrologi, han har stor interesse og engasjement for å fortsette det gode arbeidet som Ingeborg Henriksen har gjort for LIS. 

- Eg kjem til å møte både legane og leiarar, og skal både jobbe med organisatoriske oppgåver og meir praktisk gjennomføring av utdanninga, som for eksempel delta i utvikling av interne kurs for LIS-legane. Ingeborg skal fortsatt ha ansvar for rettleiarkurs og rettleiarutdanninga i føretaket, og vi kjem også til å samarbeide om de meste av arbeidet rundt LIS-utdanning, seier Jareld. 

For meir info om LIS-utdanninga: https://helse-mr.no/fag-og-forsking/utdanning-og-kompetanseutvikling/leger-i-spesialisering-lis


​​