Barn som pårørande

- Temakveld for foreldre

Kva med barna når dei vaksne har det vanskelig? Rus og psykisk problem kan være ein del av livet i mange familiar. På kva måte kan foreldre støtte og hjelpe barna sine i ein slik situasjon?

 

​Temakveld for foreldre med rus og psykiske problem har vært gjennomført fleire stader i Møre og Romsdal sidan 2015. Det har vore eit samarbeid mellom Kompetansesenter rus – Midt-Norge, Ålesund behandlingssenter og Voksne for Barn.

Rolla som foreldre

På Temakveld for foreldre vert det snakka om rolla som foreldre og kva konsekvensar dei vaksne sine problem kan få både for dei som foreldre og for barna deira. Det blir også vist til at konsekvensane ofte er lik som ved andre typar utfordringar som for eksempel skilsmissar, økonomiske problem, ulykker og dødsfall.

Temakvelden vert gjennomført som ein førelesning. Det er ikkje slik at deltakarane må dele eigne erfaringar eller kome med innspel, men muligheitene er der. Ein slik form kan i mange tilfelle opplevas enklare enn ein form som er avhengig av foreldra sine bidrag.

Andre tema

Ytterligare tema som ein kjem innom er kva foreldra sjølv kan gjere for å støtte barna sine samt betydinga av å snakke med barna ut frå alder og modnad.

Temakvelden varar 2,5 timar og deltakarane får med seg eit refleksjonsnotat etter møtet. Dette kan også brukast i oppfølging av familien i etterkant.

Sitat frå foreldre:

Nokre foreldre har deltatt på fleire av foreldremøta. Her er nokre sitat frå desse foreldra:
- Det er godt å få treffe andre i same situasjon.
- Eg høyrer noko anna nå enn sist gong fordi eg er på ein annan stad no enn sist gong.


Kommande temakveldar:

4.september i Kristiansund Meir info
5.september i Molde  Meir info