HELSENORGE

Barneblikk med nettside

- Nettsida skal i første omgang vere eit verkty for dei som er involvert i Barneblikk og for samarbeidspartnarane seier koordinator Mette Grytten. - Den skal gi høve til å sjå korleis samarbeidet og tilboda veks fram. Den er sjølvsagt også open for alle som er nysgjerrig på kva Barneblikk er.

Barneblikk skal utvikle familieteam for tettare oppfølging av gravide og familiar med barn i førskulealder der ein av dei vaksne har problem med rus eller har psykiske vanskar. Det er behov  for betre koordinering av tilboda rundt familiane, og at familiane får hjelp før problema vert store og belastande for barna.

Koordinering

«Problemet er at tenestene ikkje er koordinerte, vi kjenner ikkje til kvarandre og sit med sakene utan å involvere andre altfor lenge.»  Dette er ein vanleg kommentar frå tilsette i tenestene fortel Grytten.  - Tenestene har eit tydelig ønske om meir tverrfagleg samarbeid. Ein felles nettportal med informasjon om tenestetilbodet er eit viktig steg i utviklinga av samarbeidet.

Berre ein start

Nettsidene vil utvikle seg i takt med prosessane med å utvikle tilbodet. Målet er at ein her skal finne oversikt over kva tilbod som er tilgjengeleg. Vi vil utarbeide oversiktlege forløp som kan hjelpe til med finne fram til rette tenester, fortel Grytten. - Det som ligger på nettsida i dag er berre starten. Arbeidet med oversikt og forløp vil kontinuerleg verte oppdatert.
I tillegg vil nettsida gi informasjon om arbeidet i styringsgruppa, om aktuelt fagstoff og retningsliner og om kurstilbod. Vi vil også legge ut nyheiter som er relevante.

Etterkvart vil nettsida også tilpassast familiane som er målgruppa for familieteama. Nettsida vil vere i endring alt etter kva behova er. Det er mange involverte i Barneblikk, alt frå brukarrepresentantar, tilsette i kommunar og helseføretak, leiing og politikarar. I tillegg har Barneblikk samarbeidspartnarar i mellom anna Kriminalomsorga, Familievernkontoret, Amathea og BUFetat.

Familieteam

Familieteam skal i denne omgang etablerast i Ålesund, Molde og Kristiansund. Tverrfaglege lokale team med representantar frå kommune, helseføretaket og brukarar skal utforme det konkrete innhaldet i familieteama. Dette arbeidet kan du lese meir om på nettsida.

Nettsida skal tilpassast dei ulike målgruppene og vi oppmodar alle å tipse oss om kva som vil gjere nettsida meir aktuell og brukarvennleg for seg.

Barneblikk nettsida finn du på www.helse-mr.no/barneblikk