Leger med barneblikk startar arbeidet

Kommuneoverlege Inger-Lise Kaldhol synes det er vondt å tenke på at barn ikkje vert fange opp når foreldra slit med rus eller psykiske vanskar. Saman med helsestasjonslege Birgitte Øvrelid og brukarrepresentant Emthe Vollstad O’Neill skal ho i haust snakke med fastlegane på Søre Sunnmøre og i Ålesund kommune om korleis ein betre kan samarbeid om barn i familiar som omfattast av rus eller psykiske vanskar.Dersom tida strekk til vert arbeidet utvida til Molde og Kristiansund. Prosjektet har fått namnet Leger med barneblikk.

Leger med barneblikk: Brukarrepresentant Emthe Vollstad O’Neill, Kommuneoverlege Inger-Lise Kaldhol og Helsestasjonslege Birgitte Øvrelid

​Tettare samarbeid

Mange tenester innan rus og psykiatri ønskjer eit tettare samarbeid med fastlegane. Øvrelid meiner det er enklare å spørje etter barna dersom ein veit kvar ein kan henvise familien, og at samarbeid med andre tenester er naudsynt. Målet med Barneblikk er å skape samarbeide mellom dei ulike tenestene, oversikt over tenetsene og eit tilbod lokalt kor det er lett å sleppe til.

Brukarrepresentant

Brukarrepresentant Emthe Vollstad O’Neill spelar ei sentral rolle i teamet. Ho har eigne erfaringar med rus og psykisk sjukdom, både frå oppveksten og som mamma til to barn. – Mine erfaringar kan bidra til at fastlegane lettare kan sjå teikn på at tilstanden til foreldra belastar barna. 

Fastlegane  

Fastlegane er nøkkelpersonar  for å møte folk tidleg. Dei tre prosjektdrivarane meiner det er viktig at legane tørr å snakke med foreldra om barna sin situasjon og stille dei rette spørsmåla. Dett svarar til funna som Frøydis Gullberg gjorde i sin Phd avhandling. Gullberg fann at fastlegane med fordel kan bli modigare i møte med barn som dei veit er pårørande. Ofte er det ikkje så mye som skal til. Det handlar om å være nysgjerrig. Fastlegane er i ein god posisjon til å identifisere dei som treng hjelp og kan tilvise dei vidare om dei ynskjer det.

Innovasjonsmidlar  

Leger med barneblikk er finansiert av innovasjonsmidlar frå Fylkesmanne.  Det er Ålesund kommune som saman med Barneblikk-satsinga har søkt om og fått innvilga midlane. Prosjektet skal gjennomførast hausten 2017 og evaluerast i desember. Evalueringa i desember vil avgjere om ein vil vidareføre prosjektet og involvere fastlegar i heile fylket.