Pårørandeprosjektet møter menneskane der dei er

Månadens tiltak september

- Dei har ein forståing av problema mine og livssituasjonen min som gir meg enorm støtte og hjelp til å klare kvardagane mine». Dette seier ein av brukarane i pårørandeprosjektet til LPP Ålesund og omegn. Prosjektet har omlag 100 brukarar som er pårørande innan psykisk helse og rus.

Prosjektleiar Eva Brit Langva og tilsett Emthe Vollstad O'Neill

​Pårørandeprosjektet tilbyr rådgjeving og rettleiing til pårørande og hjelper også med støtte og omsorgssamtaler. Vårt motto er «Å møte menneskane der dei er, med de ressursar dei har, i den livssituasjonen dei er i.»

Ein einsam kamp

- Det å vere pårørande til ein med psykisk sjukdom er ein einsam kamp, er eit anna utsegn frå ein av brukarane.  Ved å delta i prosjektet  er ein ikkje lenger åleine. Prosjektet hjelper til med det meste pårørande har behov for. Frå skriving av søknader og kontakt med helsevesen til hjelp med klager og oppfølging av klagebehandling.

Gjennom prosjektet kan tillitspersoner vere med på møter og samtalar  i eit terapeutisk miljø. Pårørandeprosjektet driftar også Møteplassen som er eit tilbod den andre måndagen i månaden der pårørande innan psykisk helse og rus kan møtast. Her får dei foredrag og tilbod om kurs. Og ikkje minst få snakke med Pårørandeprosjektet sine medarbeidarar.

Låg terskel

-Takka vera deira hjelp so har borna mine ei mor enda, seier ein av brukarane. For Pårørandeprosjektet er dette gode tilbakemeldingar. For prosjektet er det viktig å vere eit tilbod med låg terskel og kort responstid. I dag famnar prosjekt om 10 kommunar på nordre Sunnmøre: Sykkylven, Stranda, Norddal, Stordal, Ørskog, Skodje, Haram, Giske, Sula og Ålesund.

Prosjektet får midlar frå Helsedirektoratet til å tilsett ein erfaringskonsulent i 50% stilling. Erfaringskonsulenten har både eigenerfaring og pårørandeerfaring og ein fagleg bakgrunn. Ho held også på med eit masterløp innan Familieterapi og systemisk praksis.

Kontaktinfomasjon

Pårørandeprosjektet har kontor i Parkgata 10, og kan nåast på telefon 482 31 644. Dei tek imot både familiar, par og enkeltpersonar.

Opningstidene på kontoret er måndag og torsdag på dagtid, og onsdag ettermiddag. Dei er også å treffe på Facebook under namnet «Pårørendeprosjektet-LPP Ålesund og omegn».

Månadens tiltak

Kvar månad vil Barneblikk presentere nærare eit tiltak eller ei eining som har tilbod som medvirkar i eller samarbeider med Barneblikk.