Gynekologisk poliklinikk Ålesund

Abort, Ålesund

I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

 

Ventetider

Innleiing

Du får stadfesta at du er gravid på grunnlag av manglande menstruasjon, positiv graviditetstest og gynekologisk undersøking. Dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet er det viktig at du tar kontakt så tideleg som mogeleg. Du treng ikkje tilvising frå fastlege, men kan ta direkte kontakt med gynekologisk avdeling på sjukehuset.

Når du tar kontakt med lege, helsestasjon eller sjukehus vil dei spørje om datoen for første dag i siste menstruasjon. Lov om svangerskapsavbrot gir deg rett til å bestemme om du vil avbryte svangerskapet innan utgangen av veke 12. Hugs at 12 veker betyr frå første dag ved siste menstruasjon. Dersom denne tida begynner å nærme seg, må du informere legen om det for at du skal sleppe å vente på time. Etter 12. svangerskapsveke må søknad om abort bli behandla av ei abortnemnd.

Tilvising og vurdering

Fastlegen vil gjere gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset. Du vil bli bedt om å signere eigenerklæring "Begjæring om svangerskapsavbrot". 

Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking. Også då må du signere "Begjæring om svangerskapsavbrot".

Utgreiing

På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og lege ved gynekologisk poliklinikk. Du vil få ein gynekologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Det blir bestemt abortmetode og det vanlege er at aborten blir igangsett med medikament. Kirurgisk abort blir sjeldant brukt grunna risiko ved narkose og unødig inngrep på livmora.

Før svangerskapsveke 9 kan medikamentell behandling skje heime.

Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt.

Behandling

Les meir om Medikamentell heimeabort, Ålesund

Medikamentell heimeabort, Ålesund

I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

For at medikamentell abort skal kunne skje heime må du vere over 18 år og frisk. Du må kunne forstå og snakke norsk, og ha høve til å ha ein vaksen person saman med deg. Heimeabort er aktuelt fram til svangerskapsveke 9.

  1. Før

    Innleiande behandling

    Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje heime ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som blir nytta:

    • Mifegyne som startar abortprosessen
    • Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten

    Første del av behandlinga skjer på sjukehuset. Du får tabletten Mifegyne som du svelger, og når den er tatt er det for seint å ombestemme seg. Før du forlet sjukehuset får du med deg Cytotec og smertestillande for vidare behandling heime.

    Du kan i løpet av dei neste dagane få blødning og menstruasjonsliknande magesmerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom:

    • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
    • aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang

    Lev elles så normalt som mogeleg.

  2. Under

    Vidare behandling heime

    To dagar etter at abortprosessen blei starta på sjukehuset held du fram behandlinga heime. Det er nødvendig at du har ein vaksen person i lag med deg.

    Korleis går du fram?

    • start behandlinga om morgonen
    • plasser 4 tablettar Cytotec djupt i vagina/skjeden
    • vent 10-15 minutt med å reise deg opp - deretter bør du vere oppe for å hjelpe prosessen igang
    • bruk medikament for smerter og kvalme etter informasjon frå sjukehuset
    • spis, drikk og lev elles som normalt

    Vanlegvis vil aborten skje 4-6 timar etter at tablettane med Cytotec blei sett. Dersom det går meir enn 6 timar før du får blødning ringer du sjukehuset for informasjon og vidare avtale.

    NB! Du kan få sterke menstruasjonssmerter og det er vanleg med rikeleg bløding. Om du blir utrygg i situasjonen tar du kontakt med sjukehuset.

    Obs! Du kan ikkje køyre bil denne dagen

  3. Etter

    Dagen etter aborten får du telefon frå sjukepleiar ved sjukehuset som vil høyre korleis du har det og om aborten er fullført. Du kan vere i vanleg aktivitet dersom du føler deg i form til det.

    Etter 4-6 veker vil menstruasjonen oftast vere tilbake. Det er ikkje uvanleg at den første menstruasjonsblødninga både er kraftigare og varar lengre enn du er van med.

    Hormonell prevensjon kan takast i bruk så snart aborten er sluttført. Spiral kan setjast inn etter 4 veker, og skjer vanlegvis hos eigen lege.

    Etterkontroll

    Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta.

    Ta kontakt med sjukehuset ved:
    • feber - temperatur over 38°C
    • smerter og kraftig blødning (med klumpar) i meir enn 2 veker
    • positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
    • blødning som held fram i meir enn 4 veker etter aborten
    • ikkje har fått tilbake menstruasjonen 4-6 veker etter aborten

    Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.

Gå til Medikamentell heimeabort, Ålesund

Stad
Ålesund sjukehus
Les meir om Medikamentell abort, Ålesund

Medikamentell abort, Ålesund

I Norge har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

Medikamentell abort på sjukehuset kan bli utført fram til og med veke 12 i svangerskapet. På same måte som ved heimeabort vil du få eit medikament som startar abortprosessen. Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.

  1. Før

    Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som vert nytta:

    • Mifegyne som startar abortprosessen
    • Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.

    Første del av behandlinga skjer på gynekologisk poliklinikk. Du får tabletten Mifegyne som svelgast, og når den er tatt er det for seint å ombestemme seg. Du kan deretter reise heim og returnere til gynekologisk avdeling innen 36-48 timar for endeleg behandling.

    Du kan i dei neste dagane få blødning og menstruasjonsliknande smerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom:

    • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
    • aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang

    Lev elles så normalt som mogeleg.

  2. Under

    To dagar, eller mellom 36-48 timar etter at abortprosessen blei starta, kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein vaksen person med deg. Behandlinga kan ta tid, så ta gjerne med lesestoff el.

    • spis gjerne frukost før du kjem
    • du vil bli mottatt av sjukepleiar som gir deg informasjon om vidare behandlingsplan
    • du vil få 4 tablettar som du skal sette djupt i skjeden
    • vent 10-15 minutt med å reise deg opp - deretter bør du vere oppe for å hjelpe prosessen igang
    • du vil få smertestillande tablettar etter behov
    • det er vanleg å vere innlagt mellom 4-6 timar
    • dersom det går lengre enn fire timar før du får blødning vil du få ein ny dose tablettar i skjeden (kvar 3. time til aborten er gjennomført)
    • du kan få kraftige menstruasjonssmerter og det er normalt å blø rikeleg
    • du kan ikkje køyre bil behandlingsdagen
    • etter heimkomst bør du ha ein vaksen person saman med deg første døgnet

  3. Etter

    Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter.

    Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

    Etterkontroll:

    Fire veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:

    • positiv graviditetstest etter fire veker
    • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
    • bløding som varar meir enn 28 dager
    • feber (over 38 grader)
    • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker

    Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.

Gå til Medikamentell abort, Ålesund

Avdeling
Gynekologisk poliklinikk Ålesund
Stad
Ålesund sjukehus
Les meir om Kirurgisk abort, Ålesund

Kirurgisk abort, Ålesund

I nokre tilfelle blir det nødvendig med kirurgisk behandling for å fullføre aborten. Ein sjeldan gong kan kirurgisk abort vere førsteval ved svangerskapsavbrot.

I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

Ved kirurgisk abort blir det gjort ei utskraping frå livmora. Inngrepet kan gjerast fram til svangerskapsveke 12, regna frå siste menstruasjons første dag.

  1. Før

    På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og gynekolog. Du vil få ein gynkologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Det blir bestemt abortmetode og det vanlege er at aborten blir igangsett med medikament. Før svangerskapsveke 9 kan behandlinga med medikament skje heime (lenke).

    Før samtalen på sjukehuset må du fylle ut opplysningsskjema. Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt.

    Ved nokre høve vert det bestemt at svangerskapsavbrotet skal gjerast kirurgisk. Du vil då få med medikament heim som du skal starte med same dag som du kjem på sjukehuset for behandling.

    Tidleg på morgenen skal du sette tablettar djupt i skjeden etter først å ha tømt urinblæra og dusja. Vent med å reise deg opp til det er gått 10-15 minutt. Det vert anbefalt at du tek smertestillande, og du bør ha skyss til og frå sjukehuset.

    Faste

    Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

    Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).

    Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

  2. Under

    Kirurgisk abort vert gjort i narkose. Etter inngrepet får du smertestillande ved behov. Før du reiser heim må du spise, samt late vatnet som vanleg.

  3. Etter

    Du bør ha ein vaksen person saman med deg første dagen heime.

    Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter.

    Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Prevensjonsimplantat (spiral eller p-stav) kan settast inn under inngrepet på operasjonsstua. Spiral kan også settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

    Etterkontroll:

    Fire veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:

    • positiv graviditetstest etter fire veker
    • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
    • bløding som varar meir enn 28 dager
    • feber (over 38 grader)
    • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker

    Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.

Gå til Kirurgisk abort, Ålesund

Stad
Ålesund sjukehus

 

Oppfølging

Ingen oppfølging utover etterkontroll. Du finn meir under den einskilde metode.

Ved behov for støttesamtale etter abort kan du kontakte Stiftelsen Amathea (www.amathea.no), tlf.: 90 65 90 60 .

Amathea er ei gratis helseteneste.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina

På grunn av koronapandemien er kantina for tida kun open for tilsette i Helse Møre og Romsdal.

Kantina finn du i 1. etasje.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?