ADHD hos barn og unge, Molde

Behandlingsprogram, Poliklinikk Molde BUP

Ved mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesøster eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. 

Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta. 

 

Les meir om ADHD
Informasjon frå helsenorge.no

ADHD

ADHD er forkortelse for Attention Deficit/Hyperactivity Disorder. Kjennetegn på ADHD er store konsentrasjonsvansker, impulsivitet og hyperaktivitet.

​​​​I Norge er det anslått at om lag 3-5 prosent av barn og unge under 18 år har ADHD. Forekomsten varierer med alder og kjønn, og det er flest gutter som får diagnosen. For mange fortsetter funksjonsvanskene på grunn ADHD inn i voksen alder, selv om det er vanlig at symptomene avtar jo eldre du blir. I Norge kan du få diagnosen i voksen alder.

ADHD er en diagnose som kan være vanskelig å stille. Symptomene ved ADHD er sammensatte kan ligne på andre tilstander. Det er derfor viktig med grundig utredning for å sikre at riktig diagnose er stilt, før det lages en behandlingsplan og eventuelle medisiner tas i bruk.

I Norge er behandling med legemidler tilgjengelig for barn, ungdom og voksne med ADHD. Behandling med legemidler bør i de aller fleste tilfeller gjøres i kombinasjon med andre tiltak.

Symptomer på ADHD

Kjernesymptomene på ADHD er

  • konsentrasjonsproblemer og problemer ved vedvarende oppmerksomhet
  • hyperaktivitet
  • impulsivitet

Konsentrasjonsproblemer og problemer med vedvarende oppmerksomhet

ADHD kan føre til vansker med å fange opp muntlige beskjeder og andre signaler fra omgivelsene. Mange med ADHD sliter med å bearbeide informasjon, og kan derfor få problemer med å følge instruksjoner, gjennomføre oppgaver og organisere egne aktiviteter. For andre kan det virke som om de ikke hører etter. 

Det er også vanlig å unngå eller mislike oppgaver som krever vedvarende oppmerksomhet. Mange lar seg lett distrahere, er glemsomme, mister ting lett og skifter ofte fra en aktivitet til en annen, uten å gjøre noe ferdig.

Hyperaktivitet

Personer med ADHD har ofte mye uro i hender og føtter. På skolen kan for eksempel barn med ADHD forlate plassen sin i timen og løpe omkring. Andre kjennetegn hos barn er støyende lek, overdreven kroppslig aktivitet og at de prater mye uten å tilpasse seg den situasjonen de er i. Ungdom og voksne har ikke det samme høye aktivitetsnivået, men er ofte rastløse.

Impulsivitet

Impulsivitet gjør at de som har ADHD ofte handler før de har tenkt seg om. Det fører gjerne til at de svarer før et spørsmål er avsluttet, ikke klarer å vente på tur og avbryter andre.

Tilleggsvansker ved ADHD

ADHD fører ofte til andre vansker i tillegg til kjernesymptomene, for eksempel atferdsproblemer, angst, depresjon eller lærevansker. Noen har oppmerksomhetsforstyrrelser uten at impulsivitet og hyperaktivitet er så framtredende. Dette kalles ADHD uoppmerksom type, tidligere kalt ADD.

Les meir om ADHD (helsenorge.no)

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen, psykolog og barnevernsleiaren som kan tilvise deg til spesialisthelsetenesta. 

Du blir kalla inn til møte med BUP (barn og unge psykisk helsevern) på sjukehuset. Her får du ein kontaktperson/koordinator og ein behandlingsansvarleg. Det blir satt opp ein utgreiingsplan saman med deg som er pasient. Utgreiingsplanen er tilpassa deg, og fortel om dei undersøkingar og samtalar du skal til i utgreiingsperioda.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Den som tilvise barn og unge vidare til spesialisthelsetjenesten med mistanke om ADHD, gjer desse vurderingane:

Kartlegging av barnet sin psykiske og fysiske status, identifisere utfordringar og samanhengar, vurdere og iverksetje aktuelle tiltak.

  • Grundig anamnese med vekt på utviklingshistorie inklusive tilleggsopplysningar om skulegang, eventuelt utdanning og arbeid, fritidsaktivitetar og interesser.

  • Vurdering av syn og hørsel og eventuell sjukdom eller medisinsk behandling som kan forklare vanskane.

  • Vurdering av tidlegare og aktuelle somatiske og psykiske symptom/plager/sjukdomar.

  • Vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar.

  • Vurdering av psykososiale belastingar.

  • Vurdering av ADHD-symptom – type, omfang og innverknad på funksjon i kvardagen.

  • Vurdering av andre relevante forhold, til dømes om barnet har lærevanskar, om det er gjennomført psykologiske og/eller pedagogiske testar eller andre observasjonar.

Den som mottek tilvisinga har ansvar for:  

  • Innhente samtykke for samarbeid  

  • Avklare og inkludere aktuelle aktørar

  • Fordele ansvar og oppgåver

  • Utarbeide utgreiingsplan

Tilvisingsskjema for BUP

1. Utgreiing

 

Det er vanleg at vi snakkar saman med deg på sjukehuset, at du blir undersøkt av ein eller fleire av desse: Lege, psykolog, sosionom og pedagog. Du kan også bli observert  i samspel med andre heime og på barnehagen eller skulen. Det vi snakker om kan vere situasjonen heime hos deg, om korleis du har det på skulen/barnehagen og elles i nærmiljøet.

Seks utgreiingsområder

I utgreiingsfasa bruker vi i BUP ei klassifisering ("det multiaksiale klassifikasjonssystemet") som har seks «aksar» eller område. Grunnen til det, er at pasientar som kjem til utgreiing hos oss ofte kan ha meir samansatte tilstandar, og desse tilstandane kan vi vise til i akse-systemet. I utgreiinga er vi innom alle seks aksane for å kunne gi deg så rett diagnose som mogleg, og dermed så rett behandling som mogleg.

Det multiaksiale klassifikasjonssystemet har desse seks aksane:

Akse 1: Psykisk tilstand - humør, kjensler og atferd

Akse 2: Utviklingsforstyrringar - til dømes motoriske eller språklege vanskar

Akse 3: Kognitiv fungering - tenkje, forstå, læring og merksemd

Akse 4: Somatiske tilstandar - kroppslege plager

Akse 5: Sosiale forhold - vanskar i familien og med andre sosiale relasjonar

Akse 6: Funksjonsnivå - generelt funksjonsnivå på ulike område, som heime, skule og med personar på same alder

Ingen får heilt like utgreiingsplanar, dei lagar vi i fellesskap med deg. Dermed får du ein utgreiingsplan som skal passe best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på pasientansvarleg behandlar, behandlingsansvarlege fagpersonar, liste over planlagte utgreiingar og omlag kor lang tid utgreiinga vil ta.

Utgreiinga og dei nemnte undersøkingane og samtalane skal skje i løpet av nokre månadar. I denne perioda finn vi ut om du treng behandling, og om den i så fall skal vere ei poliklinisk behandling og/eller innlegging hos oss. 

2. Behandling

Dersom du får ei ADHD-diagnose, blir det laga ein behandlingsplan for deg, saman med deg, dine føresette og dei kommunale tenestene. Denne planen skal vere konkret, den skal vise tiltak for møter med oss og eventuell medisinering, den skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine.

Målet med behandling av ADHD er å redusere symptom, å gjere kvardagen lettare og å avgrense tilleggsproblem. 

ADHD kan inntreffe saman med andre psykiske lidingar (komorbiditet).

Kosthald

Diettar skal berre følgjast når det er gode grunnar for det. Ein diett eller kosthaldsplan blir sett opp for deg dersom det er behov.

Medikamentell behandling av ADHD

Medikamentell behandling av ADHD

I behandling av ADHD er det viktig å leggje tilrette godt i heimen og på skulen, men medisinering kan vere ein effektiv tilleggsbehandling for mange. Den vanlegaste behandlinga er såkalla sentralstimulerande medisinar, som for eksempel Ritalin og Concerta.

1. Før

Du som pasient og dine pårørande kan bruke tid saman med legen til å finne ut om medikamentell behandling er aktuelt, og i så fall kva for medisinar som vil fungere best for akkurat deg. Det er pasientansvarleg lege som har ansvar for organisering av utprøvinga.

2. Under

Før du startar fast på medisinar er det vanleg å gjennomføre ein systematisk utprøving over nokre veker med varierte dosar og daglege notat/sjekklister om effektar og biverknader.

3. Etter

Når fast medisinering har fungert greit ei viss tid, kan spesialist og fastlege avtale at å føreskrive medisin kan overførast til fastlegen.
Les meir om medikamentell behandling på www.helsenorge.no

3. Oppfølging

 

I oppfølginga blir det gjort ei oppsummering og evaluering av behandlinga. Det blir gitt informasjon og psykoedukasjon til deg som er pasient og dei føresette, og til barnehage, skule, PPT og eventuelt barnevernstenesta. Vi skriv ei epikrise, eller eit samandrag av det som gjeld for deg, og sender denne til dei som har tilvist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for den vidare oppfølging.

Relevante lenker: 

ADHD Norge

Nasjonale retningslinjer ADHD/hyperkinetisk forstyrrelse

Veileder for multiaksial klassifikasjon i psykisk helsevern for barn og unge (BUP)

Kontakt

Poliklinikk Molde BUP

Telefon
71 12 16 30
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Knausensenteret

Besøksadresse
Nøysomhetsvegen 12(Google maps)
6416 Molde
Telefon
71 12 00 00
Sentralbord

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Spisestader

​Kantina ved hovudinngangen på Knausen er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP