HELSENORGE
BUP poliklinikk Volda

ADHD hos barn og unge, Volda

Ved mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. 

Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta. 

Ventetider

Innleiing

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen, psykolog og barnevernsleiaren som kan tilvise deg til spesialisthelsetenesta. 

Du blir kalla inn til møte med BUP (barn og unge psykisk helsevern) på sjukehuset. Her får du ein kontaktperson/koordinator og ein behandlingsansvarleg. Det blir satt opp ein utgreiingsplan saman med deg som er pasient. Utgreiingsplanen er tilpassa deg, og fortel om undersøkingar og samtalar du skal til i utgreiingsperioda.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Den som tilvise barn og unge vidare til spesialisthelsetjenesten med mistanke om ADHD, gjer desse vurderingane:   

Kartlegging av barnet sin psykiske og fysiske status, identifisere utfordringar og samanhengar, vurdere og iverksetje aktuelle tiltak.    

  • Grundig anamnese med vekt på utviklingshistorie inklusive tilleggsopplysningar om skulegang, eventuelt utdanning og arbeid, fritidsaktivitetar og interesser.   

  • Vurdering av syn og hørsel og eventuell sjukdom eller medisinsk behandling som kan forklare vanskane.   

  • Vurdering av tidlegare og aktuelle somatiske og psykiske symptom/plager/sjukdomar.   

  • Vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar.   

  • Vurdering av psykososiale belastingar.   

  • Vurdering av ADHD-symptom – type, omfang og innverknad på funksjon i kvardagen.   

  • Vurdering av andre relevante forhold, til dømes om barnet har lærevanskar, om det er gjennomført psykologiske og/eller pedagogiske testar eller andre observasjonar.
       

Den som mottek tilvisinga har ansvar for:     

  • Innhente samtykke for samarbeid     

  • Avklare og inkludere aktuelle aktørar   

  • Fordele ansvar og oppgåver   

  • Utarbeide utgreiingsplan   

Tilvisingskjema for BUP

Utgreiing

Det er vanleg at vi snakkar saman med deg på sjukehuset, at du blir undersøkt av ein eller fleire av desse: Lege, psykolog, sosionom og pedagog. Du kan også bli observert  i samspel med andre heime og på barnehagen eller skulen. Det vi snakker om kan vere situasjonen heime hos deg, om korleis du har det på skulen/barnehagen og elles i nærmiljøet.

Seks utgreiingsområde

I utgreiingsfasa bruker vi i BUP ei klassifisering ("det multiaksiale klassifikasjonssystemet") som har seks «aksar» eller område. Grunnen til det, er at pasientar som kjem til utgreiing hos oss ofte kan ha meir samansette tilstandar, og desse tilstandane kan vi vise til i akse-systemet. I utgreiinga er vi innom alle seks aksane for å kunne gi deg så rett diagnose som mogleg, og dermed så rett behandling som mogleg.

Det multiaksiale klassifikasjonssystemet har desse seks aksane:

Akse 1: Psykisk tilstand - humør, kjensler og atferd

Akse 2: Utviklingsforstyrringar - til dømes motoriske eller språklege vanskar

Akse 3: Kognitiv fungering - tenkje, forstå, læring og merksemd

Akse 4: Somatiske tilstandar - kroppslege plager

Akse 5: Sosiale forhold - vanskar i familien og med andre sosiale relasjonar

Akse 6: Funksjonsnivå - generelt funksjonsnivå på ulike område, som heime, skule og med personar på same alder

Ingen får heilt like utgreiingsplanar, dei lagar vi i fellesskap med deg. Dermed får du ein utgreiingsplan som skal passe best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på pasientansvarleg behandlar, behandlingsansvarlege fagpersonar, liste over planlagte utgreiingar og omlag kor lang tid utgreiinga vil ta.

ADHD førekjem ofte saman med andre psykiske lidingar, og derfor gjennomfører vi ei brei utgreiing ved barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

Utgreiinga og dei nemnte undersøkingane og samtalane skal skje i løpet av nokre månadar. I denne perioden finn vi ut om du treng poliklinisk behandling og kva denne skal innehalde. 

Behandling

Dersom du får ei ADHD-diagnose, blir det laga ein behandlingsplan for deg, saman med deg, dine føresette og dei kommunale tenestene. Denne planen skal vere konkret, den skal vise tiltak for møter med oss og eventuell medisinering, den skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine.

Målet med behandling av ADHD er å redusere symptom, å gjere kvardagen lettare og å avgrense tilleggsproblem. 

Psykososial behandling

Den psykososiale behandlinga inneheld ulike element. Behandlingsplanen din seier noko om kva som er mest relevant for deg.

  • Informasjon om diagnose til ungdommar, foreldre og skule
  • Rettleiing til foreldre
  • Rettleiing til skule
  • Familiesamtalar
Følgje opp eventuelle psykososiale risikofaktorar i samsvar med behandlingsplanen

Medikamentell behandling

I behandling av ADHD er det viktig å leggje godt tilrette i heimen og på skulen, men medisinering kan vere ein effektiv tilleggsbehandling for mange. Den vanlegaste behandlinga er såkalla sentralstimulerande medisin, som til dømes Ritalin og Concerta.

Du som pasient og dine pårørande kan bruke tid saman med legen til å finne ut om medikamentell behandling er aktuelt, og i så fall kva for medisinar som vil fungere best for akkurat deg. Det er pasientansvarleg lege som har ansvar for organisering av utprøvinga.

Om du ønskjer medikamentell behandling er det vanleg å gjennomføre ei systematisk utprøving over nokre veker med varierte dosar og daglege notatar/sjekklister om effektar og biverknader.

Når fast medisinering har fungert greit ei viss tid, kan spesialist og fastlege avtale at medisinkontrollane blir overført til fastlegen.

Kosthald

Diettar skal berre følgjast når det er gode grunnar for det. Ein diett eller kosthaldsplan blir sett opp for deg dersom det er behov.
ADHD kan inntreffe saman med andre psykiske lidingar (komorbiditet).

Oppfølging

Vi oppsummerar og evaluerar behandlinga. Det blir gitt informasjon og psykoedukasjon til deg som er pasient og dei føresette, og til barnehage, skule, PPT og eventuelt barnevernstenesta. Ved avslutning skriv vi eit samandrag (epikrise) av det som gjeld for deg, og sender denne til dei som har tilvist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for den vidare oppfølginga.

Relevante lenker: 

ADHD Norge (adhdnorge.no)

Nasjonale retningslinje (helsedirektoratet.no)

Veileder for multiaksial klassifikasjon i psykisk helsevern for barn og unge (pdf)

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

For å redusere smitterisikoen for korona og influensavirus er det inntil videre stengt for besøk av søsken på føde/barsel.

Besøkstid for besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Forløpskoordinator psykisk helsevern for barn og ungdom

​​​​​Forløpskoordinator skal informere, rettleie og gi råd om pakkeforløp før pasientforløpet er starta og fagperson er tildelt. Pasient, pårørande, fastlegar og andre aktuelle i kommunehelsetenesta kan ta direkte kontakt med koordinator for informasjon.

97640944

Telefontid måndag til fredag frå kl 8.00-11.30 og 12.00-1600

 

Kva er eit pakkeforløp? Les meir på helsenorge.no

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

Fann du det du leita etter?