Prikktest (allergitest) hos barn og ungdom, Ålesund
Ein prikktest kan bidra til å avklare om du er allergisk for ulike stoff. Den kan vise om det blir ein reaksjon i huda når det vert lagt på ulike dråpar som inneheld stoff som folk ofte reagerer på. Eksempelvis egg, mjølk, bjørk og gras.
-
Før
Ved prikketest må du ikkje bruke allergimedisinar (antihistaminer) dei siste 72 timane før testen. Eksempel på slike medisinar kan vere: Cetirizin, Aerius, Xyzal, Zyrtec, Phenamin og Loratadin.
Dersom du bruker astmamedisinar skal desse brukast som vanleg, også på undersøkingsdagen.
-
Under
Prikktesten vert utført på underarma si innside. Ein dråpe av dei aktuelle stoffa som du kan reagere på, vert lagt med 1-2 cm mellomrom på huda. Etter at dråpane er på plass vert det gjort eit lite stikk gjennom kvar dråpe og ned i huda. Dei fleste opplev ikkje dette som vondt og det er sjeldan at det kjem blod, då stikket er heilt overfladisk.
Dråpane blir fjerna med eit papir og etter 15 minutt kan vi lese av testen. Dersom du reagerer på nokon av stoffa kan det bli lest av på huda di ved at det blir litt raud og hovent. Det kan klø litt også.
-
Etter
Eventuelle blemmer, raudheit og kløe frå dei ulike dråpane forsvinn oftast etter 1-2 timar. Dersom det klør mykje kan vi smørje på litt krem som dempar dette.
Ver merksam
I svært sjeldne tilfelle kan det likevel oppstå ein meir alvorleg reaksjon på prikktest. Dette opptrer i så fall under testen og blir handtert av helsepersonell.
Gå til
Prikktest (allergitest) hos barn og ungdom, Ålesund
-
Avdeling
-
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
-
Stad
-
Ålesund sjukehus
-
Oppmøte
- Barne- og ungdomsavdelinga ligg i eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.