Det er under heile behandlinga ein risiko for at
vaksinasjonane kan utløyse allergisymptom, spesielt under den første delen med
doseøkinga. Med omsyn til eiga sikkerheit skal barnet alltid vere på avdelinga for observasjon i 30 minutt etter kvar vaksinasjon. Vi gjer eventuelt lungefunksjonstest (PEF) før og etter
vaksinasjon. Dei mest vanlege bivirkningane er hevelse/kløe/ubehag på
innstikkstaden.
Vi anbefaler at ein ikkje driv fysisk aktivitet/høgintens påkjenning på vaksinasjonsdagen. Ved bivirkningar ut over kløe/ubehag på innstikkstaden bør dette behandlast med allergimedisin, eventuelt kontakt lege.