HELSENORGE
BUP poliklinikk Ålesund

Angst hos barn og ungdom, Ålesund

Angst er ein følelse av uro, spentheit og nagande forventning om at noke farleg kan hende, eller ein stor fryktreaksjon på ei hending. Angst kan også prege barn/unge i ei slik grad at det er nødvendig med oppfylging av helsevesenet.

Ventetider

Innleiing

Å føle seg redd av og til er heilt normalt. Nokre menneske blir redde for så mange ting at det blir eit problem i kvardagen. Det hindrer dei i å gjere de tinga de ville ha gjort. Da blir det kalla angst. Det er viktig å finne ut av korleis du gradvis kan begynne å føle deg mindre redd. Nokon klarer dette på eigen hand, mens andre får det til i samarbeid med voksne som kan mykje om grunner til angst.

Når barn og unge fortel at dei er veldig mykje redde, er det viktig å forstå korfor det har blitt sånn. Av og til kan ein sjå at ungdom er mykje redde fordi dei opplever eller har opplevd skremmande og forvirrande ting. Av og til har angsten oppstått tilfeldig, og så har det blitt verre - heilt til det er vanskeleg å kontrollere. Da forsøker ein å finne måter å skape nok tryggleik til at ein saman kan finne ut av korleis møte denne angsten. Ein kan utfordre den, slik som til dømes ved fobiar - eller snakke og tenke saman om vonde og skremmande opplevingar.

Å få meir kunnskap om angst kan vere til god hjelp. Ved hjelp av forslag om kva som kan gjere deg mindre redd, greier mange seg godt på eigen hand. Dersom det er vanskelege opplevingar som har skapt angsten i utgangspunktet, så må ein passe på at ein også får hjelp med årsaka til angsten.

Det er mange gode metodar for å bli kvitt angst.


Tilvising og vurdering

Det er fastlege, psykolog eller barnevernsleiaren som kan tilvise deg til spesialisthelsetenesta. 

Utgreiing

Du og dine føresette blir kalla inn til eit møte med BUP (barne- og ungdomspsykiatrien). Her får du ein kontaktperson/koordinator og ein behandlingsansvarleg.

I første samtale møter du ein behandlar som oftest er lege, psykolog, sjukepleiar eller pedagog. Vi snakker samen om korleis du har det heime, på skolen og saman med venner. Du og dine føresette blir ofte bedt om å fylle ut nokre spørreskjema. Nokre ganger kan det vere aktuelt at noken frå BUP kommer og hilser på deg for å sjå korleis du har det heime eller på skolen. Når vi har forstått bedre kva du strever med og korleis vi best kan hjelpe deg, lager vi ein plan for behandling saman med deg og dine føresette.  

Det er ingen som får heilt like utgreiingsplanar eller behandlingsplaner, dei lager vi i fellesskap med deg. Dermed får du ein utgreiingsplan som skal passe best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på pasientansvarleg behandlar, behandlingsansvarlege fagpersonar, liste over planlagde utgreiingar og eit anslag på kor lang tid utgreiinga vil ta.

Utgreiinga og dei nemde undersøkingane og samtalane skal skje i innan seks til tolv veker. I denne perioda finn vi ut kva for behandling som er best for deg. Som regel føregår behandlinga i poliklinikken.

Behandling

Det blir laga ein behandlingsplan for deg dersom du får ei angstdiagnose. Den blir laga saman med deg og dine føresette. Denne planen skal vere konkret, den skal beskrive tiltak for møte med oss og om vi anbefaler medisinering. Planen skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine.

Målet med behandling av angst er å lage tilpassingar i kvardagen, slik at du kan leve lettare med angst.

Oppfølging

I oppfølginga blir det gjort ei oppsummering og evaluering av behandlinga. 

Det blir gitt informasjon og opplæring til deg som er pasient, føresette, barnehage eller skulen og eventuelt barnevernstjenesta. Vi skriv eit samandrag (ei  såkalla epikrise) av det som gjeld for deg, og sender den til dei som har tilvist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for vidare oppfølging.

Relevante lenker:

Nasjonale retningslinjer (Psykisk helsevern for barn og unge)

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Forløpskoordinator psykisk helsevern for barn og ungdom

​​​​​Forløpskoordinator skal informere, rettleie og gi råd om pakkeforløp før pasientforløpet er starta og fagperson er tildelt. Pasient, pårørande, fastlegar og andre aktuelle i kommunehelsetenesta kan ta direkte kontakt med koordinator for informasjon.

97640944

Telefontid måndag til fredag frå kl 8.00-11.30 og 12.00-1600

 

Kva er eit pakkeforløp? Les meir på helsenorge.no

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

Fann du det du leita etter?