Angst hos barn og ungdom, Kristiansund

Behandlingsprogram, Poliklinikk Kristiansund BUP

Ved mistanke om angstliding hos deg som er barn/ungdom, kan du eller dine føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesøster eller fastlegen. Eventuelt at desse tek kontakt med dei føresette ved mistanke om angstliding. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.

Les meir om Angst og angstlidelser
Informasjon frå helsenorge.no

Angst og angstlidelser

Angstlidelser er en samlebetegnelse for tilstander hvor hovedsymptomet er angst (irrasjonell frykt). Angst kan enten være knyttet til bestemte objekter eller situasjoner, eller være en mer ubestemt tilstand preget av vedvarende uro og bekymring.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​Noen former for angst er forbundet med bestemte objekter eller situasjoner. Andre former for angst er ikke knyttet til bestemte ting, og du vet ikke hva du er redd for. Tilstanden kan være preget av vedvarende bekymringer, rastløshet, uro og irritabilitet, eller komme som plutselige anfall.

Et sentralt trekk ved angstlidelser er utvikling av unngåelsesatferd – at du aktivt unngår steder eller situasjoner som du tror vil fremkalle angsten. Denne atferden er en sentral årsak til at angsten opprettholdes, og kan være det største problemet for deg i det daglige.

Symptomer på angst

 Angst innebærer ofte en rekke fysiske symptomer, som for eksempel

  • tretthet
  • uro
  • hodepine
  • kvalme​​
  • nummenhet i hender og føtter
  • muskelspenninger og/eller muskelsmerter
  • problemer med å svelge
  • pustevansker
  • konsentrasjonsvansker
  • skjelvinger og rykninger
  • irritabilitet
  • svetting
  • rastløshet
  • søvnløshet/søvnproblemer
  • svimmelhet
  • hjertebank
  • redd for å dø
  • tristhet

Hvis du kjenner igjen noen av disse symptomene kan du ha utviklet en angstlidelse.

Les meir om Sliter du med angst? (helsenorge.no)

Innleiing

Tilvising og vurdering

Det er fastlege, psykolog eller barnevernsleiaren som kan tilvise deg til spesialisthelsetenesta. Du blir kalla inn til eit møte med BUP (barne- og ungdomspsykiatrien) på sjukehuset. Her får du ein kontaktperson/koordinator og ein behandlingsansvarleg. Kontaktpersonen lagar utgreiingsplanen din saman med deg som er pasient. Utgreiingsplanen er tilpassa deg og sier noko om kva for undersøkingar og samtalar du skal til i løpet av utgreiingsperioda.

1. Utgreiing

Det er vanleg at vi snakkar saman med deg på sjukehuset for å finne svar på det problemet du er tilvist til oss for, og at vi etterpå lagar ein plan saman med deg. Du kan bli undersøkt av enten lege, psykolog, sosionom eller pedagog (eller fleire av desse), avhengig av kva som passar best for deg. Vi gjennomfører samtalar og fyller ut skjema, og du  kan bli observert i samspel med andre heime og på barnehagen eller skulen. Det vi snakkar om kan vere situasjonen heime hos deg, om korleis du har det på skulen/barnehagen og elles i nærmiljøet.

Seks aksar

I utgreiingsfasa bruker vi i BUP ei klassifisering ("det multiaksiale klassifikasjonssystemet") som består av seks "aksar" eller område. Grunnen til det er at pasientar som kjem til utgreiing hos oss ofte kan ha meir samansatte problem, og desse problema kan vi beskrive gjennom akse-systemet. I utgreiinga er vi innom alle seks aksane for å kunne gi deg så rett diagnose som mogleg, og dermed så rett behandling som mogleg.

Det multiaksiale klassifikasjonssystemet består av desse seks aksane:

Akse 1: Psykisk tilstand. Eit fellesnamn for problem, lidingar og sjukdomar som først og fremst rammar tankane og kjenslene, samt utvikling og atferd.

Akse 2: Utviklingsforstyrringar. Eit fellesnamn for tilstandar som bidreg til at utvikling blir hemma eller forsinka.

Akse 3: Kognitiv fungering. Språk, tankar, minne og sanseinntrykk.

Akse 4: Somatiske tilstandar. Kroppslege tilstandar, i til dømes fordøying, ledd og musklar.

Akse 5: Sosiale forhold. Dette kan være problemområde som følgje av hendingar eller opplevingar, til dømes mobbing, krangling, dødsfall, krig, sjukdom hos deg sjølv eller andre.

Akse 6: Funksjonsnivå - Generelt funksjonsnivå på ulike område, som heime, skule og hos dei på same alder. 

Det er ingen som får heilt like utgreiingsplanar, dei lager vi i fellesskap med deg. Dermed får du ein utgreiingsplan som skal passe best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på pasientansvarleg behandlar, behandlingsansvarlege fagpersonar, liste over planlagde utgreiingar og eit anslag på kor lang tid utgreiinga vil ta.

Utgreiinga og dei nemnte undersøkingane og samtalane skal skje i innan tre månader. I denne perioda finn vi ut om du treng behandling, og om den i så fall skal bestå av poliklinisk behandling og/eller innlegging hos oss.

2. Behandling

Det blir laga ein behandlingsplan for deg dersom du får ei angstdiagnose. Den blir laga saman med deg, føresette og dei kommunale tenestene. Denne planen skal vere konkret, den skal beskrive tiltak for møte med oss og eventuell medisinering, den skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine.

Målet med behandling av angst er å lage tilpassingar i kvardagen, slik at du kan leve lettare med angst.

3. Oppfølging

I oppfølginga blir det gjort ei oppsummering og evaluering av behandlinga. Det blir gitt informasjon og opplæring til deg som er pasient, føresette, barnehage eller skulen og eventuelt barnevernstjenesta. Vi skriv eit samandrag (ei  såkalla epikrise) av det som gjeld for deg, og sender den til dei som har tilvist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for vidare oppfølging.

Relevante lenker:

Nasjonale retningslinjer (Psykisk helsevern for barn og unge)

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kontakt

BUP poliklinikk Kristiansund
Telefon
71217550
Måndag - fredag kl 08:00 - 16:00
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71120000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag: 10.00–17.00

Søndag: 12.00–19.00

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.