Det er vanleg at vi snakkar saman med deg på sjukehuset for å finne svar på det problemet du er tilvist til oss for, og at vi etterpå lagar ein plan saman med deg. Du kan bli undersøkt av enten lege, psykolog, sosionom eller pedagog (eller fleire av desse), avhengig av kva som passar best for deg. Vi gjennomfører samtalar og fyller ut skjema, og du kan bli observert i samspel med andre heime og på barnehagen eller skulen. Det vi snakkar om kan vere situasjonen heime hos deg, om korleis du har det på skulen/barnehagen og elles i nærmiljøet.
Seks aksar
I utgreiingsfasa bruker vi i BUP ei klassifisering ("det multiaksiale klassifikasjonssystemet") som består av seks "aksar" eller område. Grunnen til det er at pasientar som kjem til utgreiing hos oss ofte kan ha meir samansatte problem, og desse problema kan vi beskrive gjennom akse-systemet. I utgreiinga er vi innom alle seks aksane for å kunne gi deg så rett diagnose som mogleg, og dermed så rett behandling som mogleg.
Det multiaksiale klassifikasjonssystemet består av desse seks aksane:
Akse 1: Psykisk tilstand. Eit fellesnamn for problem, lidingar og sjukdomar som først og fremst rammar tankane og kjenslene, samt utvikling og atferd.
Akse 2: Utviklingsforstyrringar. Eit fellesnamn for tilstandar som bidreg til at utvikling blir hemma eller forsinka.
Akse 3: Kognitiv fungering. Språk, tankar, minne og sanseinntrykk.
Akse 4: Somatiske tilstandar. Kroppslege tilstandar, i til dømes fordøying, ledd og musklar.
Akse 5: Sosiale forhold. Dette kan være problemområde som følgje av hendingar eller opplevingar, til dømes mobbing, krangling, dødsfall, krig, sjukdom hos deg sjølv eller andre.
Akse 6: Funksjonsnivå - Generelt funksjonsnivå på ulike område, som heime, skule og hos dei på same alder.
Det er ingen som får heilt like utgreiingsplanar, dei lager vi i fellesskap med deg. Dermed får du ein utgreiingsplan som skal passe best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på pasientansvarleg behandlar, behandlingsansvarlege fagpersonar, liste over planlagde utgreiingar og eit anslag på kor lang tid utgreiinga vil ta.
Utgreiinga og dei nemde undersøkingane og samtalane skal skje i innan seks veker. I denne perioda finn vi ut om du treng behandling, og om den i så fall skal bestå av poliklinisk behandling og/eller innlegging hos oss.