Arteriell blodgass Volda

Avdeling for medisinsk biokjemi seksjon Volda

Arteriell blodgass er ei blodprøve som fortel mykje om funksjonen i lungene dine og som viser balansen mellom oksygen og kulldioksyd i blodet ditt.

Innleiing

Vanlegvis blir det tatt blodprøver frå ei vene, så denne blodprøva er litt spesiell då vi må ta blod fra ei arterie (pulsåre). Oftast tek vi blodprøva frå pulsåra som ligg i handleddet.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Arteriell blodgass treng inga førebuing.

2. Under

For at legen skal treffe pulsåra di med nåla, kjenner legen med to fingrar på undersida av handleddet ditt for å finne pulsslaga. Nåla stikkas i pulsåra og sprøyta fyllast med blod. Når ønska mengde blod er fylt opp, fjernar vi nåla og du får eit kompressjonsplaster på stikkstaden.

3. Etter

Etter behandlinga blir det sett på eit kompressjonsplaster over stikkstaden. Dette er for at det skal slutte å blø.

I enkelte tilfelle er det behov for at lege/sjukepleiar komprimerer over ei tid (dei trykker ein bandasje inn mot innstikkstaden). Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar.

Ver merksam

Det er sjeldan risikoforhold og komplikasjonar ved denne undersøkinga, men blødingar kan førekome. Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar.

Kontakt

Avdeling for medisinsk biokjemi, seksjon Volda
Oppmøte
Undersøkinga blir utført av lege på sengepost.
Besøkstider
måndag - fredag Kl. 08:00 - 15:00
Telefon
70058291
måndag - fredag Kl. 08:00 - 15:00
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund
Volda sjukehus
Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70058200
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.


 

Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.