Atferdsvarnskar hos barn og ungdom, Molde

Behandlingsprogram, Poliklinikk Molde BUP

Åtferdsvanskar eller åtferdsforstyrringar hos barn og ungdom har kjenneteikn med ulike former for regelbrytande eller utagerande framferd. Åtferda blir gjentatt over tid og er tydeleg utanfor det som blir vurdert som sosialt akseptabelt. Omgrepet antisosial åtferd blir brukt dersom denne framferda er av svært alvorleg art.

Innleiing

Ventetider på Velg behandlingssted (helsenorge.no)

Mange har erfaring med at åtferdsvanskar er knytt til negative tilbakemeldingar over tid, og er dermed også ofte nært knytt til låg sjølvkjensle. Hos yngre barn er det ofte snakk om ei «trassliding», medan omgrepet åtferdsvanskar eller åtferdsforstyrringar ofte blir brukt for å karakterisere desse vanskane hos eldre barn og ungdomar.

Tilvising og vurdering

Tilvisinga blir vurdert av ein psykologspesialist eller barnepsykiater på ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) innan 10 arbeidsdagar frå den er motteken. Ved mistanke om åtferdsforstyrring er det opptil 12 veker ventetid for utgreiing og behandling. Dei som kan tilvise til BUP er lege, psykolog eller barnevernsleiar.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Som regel vil familien allereie ha eit samarbeid med barnehage eller skule, helsestasjon, PPT, eller andre i førstelinjetenesta, som kommunepsykolog, barne- og familieteneste, barnevern eller andre før tilvisinga til BUP.    

Kartleggingar, rapport eller andre framstillingar av tiltak og effekten av desse, bør leggast ved tilvisinga. Dersom barnet eller ungdomen har vore utsatt for traumatiske opplevingar bør det opplysast om dette.    

Det er kjent at åtferdsvanskar og lærevanskar ofte opptrer samtidig og derfor bør det leggast ved ei eventuell kartlegging av evnenivå, til dømes frå PPT, og vurdering av korleis barnet eller ungdomen fungerer på skulen.

Det blir anbefalt å synleggjere psykososiale forhold, inkludert familieforhold og tilknyting til nære omsorgspersonar, samt korleis barnet fungerer sosialt i barnehage eller skule.    

Risikofaktorar   

For eldre barn og ungdom er det viktig at den som tilviser er merksam på risikofaktorar som rus, kriminalitet, voldsutøving, alvorlege truslar, utestenging og/eller skulk frå skule og fritidsaktivitetar, vagabondering eller andre måtar å utsetje seg sjølv og andre for fare.    

Alle tilvisingar skal vere vurdert og underskrive av lege, psykolog eller barnevernsleiar.   

Tilvisingsskjema til BUP kan lastast ned her (pdf).  

Om ventetider

Helsedirektoratet har laga ein prioriteringsvegleiar som gir BUP-retningslinjer for ventetid.    

Prioriteringsveileder

1. Utgreiing

Eit forløp i BUP startar vanlegvis med ei utgreiing som blir gjort ferdig innan tre månader frå oppstart. Utgreiinga inneheld ulike kartleggingar med barnet/ungdomen og foreldre/føresette. Kartlegging blir som regel gjort med samtalar, intervju, observasjon eller spørjeskjema.  Det er viktig at opplysningar om tidleg utvikling, oppvekst og familieliv kjem fram, i tillegg til å synleggjere korleis barnet eller ungdomen har det i barnehage eller skule.

Nokre gongar blir testing gjennomført for å finne ut om barnet har problem med for eksempel innlæring, konsentrasjon, motorikk, språk eller minne. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle, og familien får presentert ein plan for korleis det blir gjennomført.

Det er viktig å vere merksam på at mange barn med åtferdsforstyrringar samtidig har lærevanskar, ADHD, autisme eller andre utviklingsforstyrringar. Det er også viktig å vere merksam på om barnet har hatt traumatiske opplevingar. Eksempel på slike opplevingar kan vere å ha opplevd eller vore vitne til vald, ha opplevd ei ulykke eller at ein brått har mista ein nær person. 

Ved utgreiing av åtferdsforstyrringar vil behandlar på BUP saman med familien prøve å konkretisere den problematiske framferda. Det er viktig å avklare kva som skjer (sjølve problemåtferda), kva som leiar til åtferda (mulege triggarar), kva konsekvensar framferda har (både positive og negative), og kva som gjer at den problematiske åtferda held fram.

Nokre gongar vil det vere ein glidande overgang mellom utgreiing og behandling. For eksempel vil behandlar ofte vere oppteken av å kartlegge positive sider og styrkar hos barnet/ungdomen og familien eller nettverket. Dette er både ein del av utgreiinga og ein viktig del av behandlingsplanlegginga.

2. Behandling

Behandlinga blir planlagt i samråd med familien. Ved åtferdsforstyrringar hos barn er behandlinga som regel foreldrerettleiing. Kor ofte og lenge rettleiinga skal halde på varierer avhengig av alvorlegheitsgraden. Nokre gongar tilbyr ein foreldre å delta på rettleiingskurs i grupper, medan det andre gonger er meir formålstenleg å gi foreldra individuell rettleiing. 

Andre aktuelle tilbod kan vere grupper med fleire barn, der ein fokuserer på sosial trening og regulering av kjensler, samtaleterapi, samarbeid med barnehagen eller skulen, og nettverksarbeid med andre viktige personar i barnet eller ungdomen sitt liv. 

Målsettinga med å gjennomføre tiltak som regulerer åtferda vil ofte vere å auke mestring, opprette på nytt ein positiv relasjon mellom dei vaksne og barnet, redusere problemåtferd, og styrke barnet si sjølvkjensle og forståing for sosiale situasjonar.

3. Oppfølging

Etter avslutning hos BUP vil familien ofte halde kontakten med samarbeidande instansar på kommunalt nivå som barnehage eller skule, helsestasjon, fastlege, PPT, kommunepsykolog, barne- og familieteneste, barnevern eller andre. Der det er samansette vanskar vil ofte ei ansvarsgruppe bli etablert.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Etter behandlinga bør foreldre eller føresette vere ekstra merksame dersom dei opplev at barnet eller ungdomen brått endrar seg. I slike høve bør ein drøfte situasjonen med for eksempel lærar, helsesøster eller andre i førstelinjetenesta som kjenner familien. Fastlege, psykolog eller barnevernsleiar vil kunne vurdere om det bør sendast ny tilvising til BUP.

Kontakt

Poliklinikk Molde BUP
Telefon
71 21 73 60
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Knausensenteret
Besøksadresse
Nøysomhetsvegen 12(Google maps)
6416 Molde
Telefon
71 12 00 00
Sentralbord

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Spisestader

​Kantina ved hovudinngangen på Knausen er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.