Augedrypping, Ålesund

Augeavdelinga Ålesund

Det kan vere fleire grunnar til ein må bruke augedropar. Grøn stær, drypping etter operasjon, infeksjonar osv. Augedropane er på lik linje med annan medisin og skal nyttast etter forordning av lege.

 

1. Før

 

  • Vask hendene

 

2. Under

 

  • Legg hovudet bakover
  • Trekk (forsiktig) ned det nedste augelokket, slik at det blir danna ei "lomme"

Øyedrypping 

  • Hald flaska som ein penn (1-2 cm over auget). For å få bedre støtte kan du la flaska kvile på naseryggen 
  • Trykk ut ein drope slik at den kjem innanfor  "lomma" 
  • Hald auget igjen i 1-2 minutter for å oppnå best mogleg effekt

 

Du kan drype augene sitjande, liggjande eller ved  å sjå deg i spegelet:

 

 

 

Har du problem med å "treffe auget" med augedropen, kan du dryppe med lukka auge:

  • Best å ligge flatt når du dryp med lukka auge
  • Støtt flaska med naserota
  • Drypp ein drope slik at den blir liggjande i augekroken
  • Når du opnar auget, kjem dropen på plass.

 

Når du skal dryppe augene:

  • Bruke den dryppeteknikken som passer deg best
  • Dersom augedropane kjem på huda under augene, tørk forsiktig med reint papir
  • Brukar du fleire dropar, skal du vente 5 minutter mellom kvar gong drypping.

 

3. Etter

Ver merksam

Det er normalt at det svir, men får du raude og hovne auge, kan det vere ein allergisk reaksjon. Sei ifrå til legen din!

 

Kontakt

Augeavdelinga Ålesund
Telefon
70 10 58 70
Telefonen er stengt mellom kl. 11:00 - 12:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Postboks 1600

6026 Ålesund