HELSENORGE
Hudpoliklinikken Kristiansund

Behandling av solskada hud, Kristiansund

Dagslys-PDT (fotodynamisk behandling) er ei ikkje-kirurgisk behandling av solskada hud. Målet med behandlinga er å øydelegge solskada hudceller.

Før

Vêratterhald

Når det er dårleg vêr får pasientane IKKJE behandling med vanleg PDT lampe.

Forbehandling heime med Locobase LPL

Veka før behandlinga: Huda på behandlingsstaden smør du med Locobase LPL. Smør kvar kveld den siste veka før behandling, men la ver å smørje dei to siste kveldane før behandling. Ikkje bruk krem eller sminke i behandlingsområdet den dagen du skal behandlast.

Kva gjer du om du bruker faste medisinar?
Bruker du faste medisinar tek du med ei liste over desse. Viss du nyttar blodfortynnande medikament, rådfører du deg med fastlegen din om du kan la vere å ta dette medikamentet dagen før behandlinga og behandlingsdagen.


Før du kjem til timen:
Smør deg med solkremen Riemann P20 (spf 20) minst ein ½ time før du kjem til behandling.

Under

Behandling (to-delt):

Del 1: Første del av behandlinga skjer på legekontoret. Lege eller sjukepleiar skrapar lett på hudområdet som skal behandlast. Deretter blir behandlingskremen påført. Behandlingskremen gjer dei solskada hudcellene lysømfintlege.
 

Del 2: Andre del av behandlinga blir gjort ved hjelp av naturleg dagslys. Etter at du har fått påført behandlingskremen, må du gå utandørs innan 30 min.

Du må no opphalde deg samanhengande utandørs i dagslys i 1 ½ - 2 timar.  


Dei solskada hudcellene er no lysømfintlege og blir øydelagde når dei blir utsette for dagslys.

Etter

 

Du skal ikkje tilbake til hudavdelinga etter opphaldet i dagslys er ferdig.


Kva gjer du når opphaldet i dagslys er ferdig?

Overflødig krem vaskast/tørkast av. Resten av dagen anbefaler vi at du unngår soleksponering og at du oppheld deg innandørs. Unngå sollys også gjennom vindauge. Om du likevel må opphalde deg utandørs etter behandling, rår vi deg til å bruke høg solfaktor (faktor 50).

Korleis skal hudområdet behandlast i dagane etterpå?
Det kan oppstå raudleg farge og irritasjon i behandlingsområdet i etterkant av behandlinga. Behandlingsområdet kan med fordel smørast med fuktgivande krem i dagane etter behandlinga. Dette held huda smidig.

Bruk krem med høg solfaktor to – tre veker etter behandlinga.

Ver merksam

Dagslys-PDT er rekna for å vere mindre smertefull enn vanleg belysning med PDT-lampe, men noko smerte må forventast.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Kristiansund sjukehus

Besøkstida er 17.00-19.00 alle dagar.  ​



Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?