Under prøvetakinga ligg du i ei seng og det vert lagt inn ein venekanyle. Du blir støtta opp med puter slik at du ligg godt. Både før og etter prøvetakinga blir blodtrykk og puls målt.
Huda over det aktuelle området blir vaska med desinfeksjonsmiddel og kroppen rundt området blir dekt til med eit sterilt klede. Det blir gitt lokalbedøving i huda der nåleprøva skal takast.
Røntgenlegen undersøker det aktuelle området først og merkar av kor ein skal ta nåleprøva.
Biopsinåla er kobla til ein fjærmekanisme som, når den vert utløyst, skjer ut ein liten vevsbit. Det vert tatt ein eller fleire prøver.
Det er viktig å ligge stille under undersøkinga. Røntgenlegen seier frå om du må halde pusten i eit kort augeblikk. Etter at alle nødvendige prøver er tatt, får du eit plaster over opninga.
Prøvetakinga kan gi smerter sjølv om du får lokalbedøving.
Vi bruker frå 15 til 30 minutt på å ta prøvene.