Observasjon etter prøvetakinga
Du vil observerast på sengeposten/dagposten i fire timar etter prøvetakinga.
Etter prøvetakinga må du halde senga og ligge på høgre side i ein time.
Dei neste tre timane kan du ligge slik du ønsker, men du må halde senga.
Dei første to timane skal du være fastande.
Ein sjukepleiar vil måle blodtrykk kvart 15. minutt den første timen. Deretter kvar halve time dei siste tre timane du må halde senga.
Har du teke biposi av levra, får du reise heim etter observasjon på dagposten.
Dagen etter prøvetakinga får du ein telefon frå sjukepleiar ved dagposten som ønsker å høyre korleis det går med deg.
Har du teke biopsi av nyra, vert du innlagt på sengeposten for observasjon til neste dag.
Resultat av undersøkinga
Bileta blir granska av ein røntgenlege som lagar ei beskriving av kva bileta viser.
Bileta og beskrivinga vert lagra i dataarkivet vårt.
Materialet frå prøvetakinga vert granska av ein patolog.
Svar frå patolog og røntgenlege vert sendt til legen din som informerer deg om svaret.