Biopsi, Volda

Radiologi Volda

Ein biopsi er ein prosedyre der ein tek ut bitar av vevet frå kroppen for å kartlegge vevstype. Vi kan stille diagnosen ved å undersøke cellene gjennom eit mikroskop. Biopsi kan utførast ved bruk av hjelpemiddel som CT, ultralyd eller gjennomlysing.

 

Innleiing

Prøvetakinga vert gjort ved mistanke om sjukdom i eit organ eller oppfølging av kjent kronisk sjukdom, der det er nødvendig å ta ei nåleprøve.

 

Tilvising og vurdering

Tilvisinga blir sendt frå legen din.




Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Det er nødvendig med gode kliniske opplysningar om sjukdommen til pasienten.
  • Dersom pasienten har auka blødningstendens eller bruker antikoagulantia, må radiologisk avdeling informerast. Det må avgjerast om biopsi kan takast eller om den må utsetjast. 
  • Ved biopsi i bukorgan så bør ein halde opp med følgande:
    - Albyl-E (sju dagar)
    - Clopidogrel (fem dagar)
  • Det er krav om at det blir tatt blopdrøve av nyare dato før undersøkinga.
    - INR
    - APTT
    - Trombocyttar
  • Informasjon om pasienten har diabetes. 
  • Utfylt histologi remisse skal leverast røntgenavdelinga.
    For dei som nyttar ROS via Doculive, skal histologi remissa sendast elektronisk.
  • For Ultralyd Lever biopsi skal sjekkliste leverast røntgenavdelinga før undersøkinga. 
  • Pasienten må før undersøkinga få informasjon om sjølve prøvetakinga og liggetid etter undersøkinga. 
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må dette bli oppgitt i tilvisinga. Samt kva språk pasienten snakkar.

1. Før

 

Førebuing heime

Nyttar du blodtynnande medisin, tek du dette opp med legen som sendte deg til undersøkinga.
Vanlegvis må du halde opp med å ta blodtynnande medisin opptil sju dagar før prøvetakinga.

 
Ved dei fleste biopsiar vil du bli innlagt før prosedyren (unntak: overflatiske biopsiar).

2. Under

 

Under prøvetakinga ligg du i ei seng og det vert lagt inn ein venekanyle. Du blir støtta opp med puter slik at du ligg godt. Både før og etter prøvetakinga blir blodtrykk og puls målt.
Huda over det aktuelle området blir vaska med desinfeksjonsmiddel og kroppen rundt området blir dekt til med eit sterilt klede. Det blir gitt lokalbedøving i huda der nåleprøva skal takast.

Røntgenlegen undersøker det aktuelle området først og merkar av kor ein skal ta nåleprøva.
Biopsinåla er kobla til ein fjærmekanisme som, når den vert utløyst, skjer ut ein liten vevsbit. Det vert tatt ein eller fleire prøver.
Det er viktig å ligge stille under undersøkinga. Røntgenlegen seier frå om du må halde pusten i eit kort augeblikk. Etter at alle nødvendige prøver er tatt, får du eit plaster over opninga.

Prøvetakinga kan gi smerter sjølv om du får lokalbedøving. 

Vi bruker frå 15 til 30 minutt på å ta prøvene.

3. Etter

Observasjon etter prøvetakinga

Du må halde senga etter biopsi (vanlegvis fire timar). Dei fleste blir observert til neste dag, men enkelte kan reise heim same kveld (blir vurdert ut frå kva type biopsi som er utført). 

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege som lagar ei beskriving av kva bileta viser.
Bileta og beskrivinga vert lagra i dataarkivet vårt.

Materialet frå prøvetakinga vert granska av ein patolog.

Svar frå patolog og røntgenlege vert sendt til legen din som informerer deg om svaret.

Ver merksam

Det kan oppstå blødning og derfor vert du observert etter prøvetakinga.

Kontakt

Oppmøte
Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

Radiologi Volda

Telefon
70 05 82 66
måndag08:00 - 10:00 og 14:00 - 15:30
tysdag08:00 - 10:00 og 14:00 - 15:30
onsdag08:00 - 10:00 og 14:00 - 15:30
torsdag08:00 - 10:00 og 14:00 - 15:30
fredag08:00 - 10:00 og 14:00 - 15:30
Vaktsentralen 70 05 82 00 kan formidle kontakt utanom dette tidsrom i spesielle høve.
E-post
Postadresse
Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Ålesund/Volda, seksjon Volda
Helse Møre og Romsdal HF 
Volda sjukehus
Boks 113
6101 Volda

Volda sjukehus

Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Volda sjukehus på telefon 70 05 82 66 i tidsrommet 08:00 - 15:30. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.