Blodgiving Ålesund

Blodbanken Ålesund

Det finst inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ein ikkje framstille det kunstig – det må bli gitt. Blodet blir brukt til mange type pasientar og behandlingar, for eksempel ved kreftbehandling, operasjonar, ulykker, svangerskap og fødsel. Mange pasientar er derfor heilt avhengige av at nokon gir blod.

Les meir om Blodgiver
Informasjon frå helsenorge.no

Blodgiver

Det tar kun en halv time å gi blod. Den halve literen du gir kan redde tre liv. Er du frisk og mellom 18 og 60 år, kan du melde deg som blodgiver.

​Det finnes ingen erstatning for blod. Blod er et levende materiale og selv med moderne og avansert teknologi kan ikke blod fremstilles kunstig – det må gis.

Mange pasienter kan ikke overleve uten blodoverføring. Disse pasientene er avhengige av hjelp fra blodgivere.

Ettersom blod har begrenset holdbarhet, må blodbankene hele tiden få påfyll av nytt blod for ikke å gå tomme. Det er behov for mange nye blodgivere hvert år, for å erstatte dem som ikke lenger kan gi blod grunnet alder, sykdom, medisinbruk eller liknende.

Blodgivere er livsviktige for helsetilbudet i Norge. Melder du deg som blodgiver gjør du derfor en viktig samfunnsinnsats.

Hvordan blir jeg blodgiver?

​Du kan melde deg som blodgiver ved alle blodbankene/giverstedene i Norge ved å registrere deg som blodgiver på nettstedet giblod.no.

Her finner du også en oversikt over alle blodbankene i Norge fordelt på fylke (giblod.no), med kontaktinformasjon og åpningstider.

Les meir om Vil du bli blodgiver? (helsenorge.no)

Innleiing

Les meir om blodgiving (helsenoreg.no)

Hovudregelen er at alle friske menneske over 18 år kan melde seg som blodgivar. Du kan gi blod inntil fire gongar i året.

Du må rekne med å bruke om lag ein halvtime når du skal gi blod, inkludert førebuing, tapping og kvile.

Du kan når som helst i heile prosessen stille spørsmål dersom du lurer på noko. Personalet har teieplikt.

Blodgiving skal ifølge blodforeskriften vere frivillig og vederlagsfritt. Dette er ikkje til hinder for at nokre blodbankar gir deg ei lita gåve av ubetydeleg verdi. 

Tilvising og vurdering

Du treng ikkje tilvising for å gi blod. Du kan melde deg som blodgivar ved alle blodbankar/tappestasjonar i Noreg ved å registrere deg på nettsida GiBlod.no. Du kan også melde deg som blodgivar direkte til din blodbank.
Gå til GiBlod for å melde deg som blodgivar

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Blodoverføring må ikkje skade blodgivar eller mottakar. Derfor vurderer blodbanken kvar blodgivar grundig før dei eventuelt kan gi blod. Kvar gong du skal gi blod fyller du ut eit spørjeskjema for blodgivarar. Skjemaet er til hjelp når ein skal velje ut kven som kan gi blod.

Sjå spørjeskjemaet for blodgivarar på Helsedirektoratet sine nettsider


Etter at du har fylt ut skjemaet blir du intervjua av ein bioingeniør, sjukepleiar eller lege. Første gong du møter fortel vi deg om kva det vil seie å vere blodgivar. Ved registrering, eller ved første blodgiving, skal du vise legitimasjon. Vi tar også blodprøve og kontrollerer blodtrykk og puls.

Ved kvar blodgiving tar vi smittetestar for virus som kan innebere ein risiko for smitteoverføring av langvarige infeksjonar med livstruande komplikasjonar til pasienten.

Du bør ete før du gir blod, i tillegg til å drikke litt meir enn vanleg både før og like etter tappinga.

I nokre tilfelle kan det hende at ein blodgivar må ha lengre eller kortare opphald mellom blodgivingar. Det kan vere lurt å lese gjennom «Når kan eg ikkje gi blod» og «kven kan ikkje gi blod i Noreg» før du skal gi blod, slik at du ikkje må reise heimatt utan å få gi blod. Viss du er usikker på om du kan gi blod, kan du kontakte blodbanken.

I tillegg er det varierande karantenar i dei tilfella der blodgivar har fått injeksjonar, endoskopi, har fått blod osv. Her har årsaka til behandlinga betyding for om det blir opptil 6 månaders karantene, eller om du du ikkje kan vere blodgivar lenger. Ta kontakt med blodbanken.

Kven kan ikkje gi blod i Noreg

  •  Personar som ikkje er friske
  • Personar under 18 år
  • Personar som veg under 50 kg
  • Personar som bruker medikament fast. Unntaka er p-piller, allergimedisin og middel mot lågt stoffskifte. Utover dette er det behov for individuell vurdering av fagpersonell.
  • Personar som har hjarte-, lever- eller lungesjukdom, eller har hatt blødingstendens, livstruande allergiske reaksjonar eller kreft. Unntaka kan vere basalcellecarcinom og celleforandringar på livmorhalsen. Ta kontakt med blodbanken
  • Menn som har eller har hatt sex med menn
  • Kvinner som har eller har hatt sex med menn som har hatt sex med menn, får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt
  • Personar som bruker eller har brukt dopingmiddel eler narkotiske middel som sprøyter. Personar som har eller har hatt seksuell kontakt med person som bruker eller har brukt dopingmiddel eller narkotiske middel som sprøyter får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt
  • Prostituerte eller tidlegare prostituerte. Personar som har hatt seksuell kontakt med prostituerte og tidlegare prostituerte får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt
  • Personar som har opphaldt seg samanhengande i minst 6 månader i land der malaria er mykje utbreidd
  • Personar som har opphaldt seg i Storbritannia i over 1 år til saman i perioden 1980 – 1996 eller har fått blodoverføring der etter 1980
  • Personar som er fødd i Amerika sør for USA, har mor som er fødd i desse landa eller har fått blodoverføring i desse landa. Dette på grunn av mogeleg førekomst av T. Cruzi. Nokre stader godkjenner blodgivarar frå desse landa ved negativ test på T. Cruzi og etter å ha budd 6 månader i Noreg
  • Personar som har opphaldt seg meir enn 5 år til saman i Afrika sør for Sahara (gjeld ikkje Egypt, Libya, Tunis, Algerie og Marokko)
  • Viss ein har partnar frå eit land med høgare førekomst av Hepatitt C, får ein karantene i 5 år etter at samlivet starta. Ved eventuelt samlivsbrot må ein vente i 6 månader før ein kan gi blod

Registrering av personopplysningar

For å bli blodgivar må vi registrere deg i blodbanken sitt dataregister. Dette er nødvendig av fleire årsaker:

  • Vi må ha moglegheit til å kome i kontakt med blodgivarane våre
  • Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er følgt
  • Vi må ha oversikt over tappehistorikken til kvar enkelt blodgivar
  • Vi treng å lagre ein del opplysingar om blodtype etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient

 

Opplysingar som blir lagra er i hovudsak:

  • Namn
  • Fødselsnummer
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Timeavtalar
  • Registrering av kvar tapping
  • Blodtypeundersøkingar
  • Prøveresultat
  • Informasjon om korleis det har gått med kvar tapping


Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.

 

Når kan eg ikkje gi blod

Mange infeksjonssjukdommar og risikosituasjonar gir karantene.

Akupunktur

Årsaka til akupunkturbehandling er viktig. Dersom årsaka er av slik art at den i seg sjølv ikkje har betyding for blodgivinga, gjeld følgjande: akupunktur utført av autorisert helsepersonell i Noreg og med sterilt eingongsutstyr er godkjent. Akupunktørar, homeopatar, naprapatar og osteopatar er ikkje omfatta av den norske autorisasjonsordninga, og behandling hos desse gir 6 månaders karantene etter gjennomført behandling.

Flåttbitt

Flåttbitt gir karantene i 4 veker om det er ukomplisert. Dersom du har fått utslett eller andre reaksjonar er karantenetida 6 månader.

Hol i øyrene

Minimum 6 månaders karantene etter siste holet er sett, med mindre det er brukt sterilt eingongsutstyr.

Gravide

Gravide skal ikkje gi blod. Etter fødsel skal du vente minst 12 månader før du gir blod.

Antibiotika

Bruker du antibiotika, kan du ikkje gi blod. Du må vente 14 dager etter avslutta behandling.

Infeksjonar

Infeksjon eller eksponering for infeksjon kan gjere at du tidsavgrensa eller permanent ikkje kan vere blodgivar.

Forkjøling

Dersom du har vore forkjøla, må du vente 7 dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod

Feber

Dersom du har feber må du vente 14 dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod.

Munn/skoldsår

Dersom du munnsår, skal du ikkje gi blod. Du må vente 14 dagar etter at såret har grodd.

Sår/gnagsår

Dersom du har sår/gnagsår må du vente til du har heil hud/skorpe før du kan gi blod.

Oppkast/laus avføring

Dersom du hatt oppkast eller laus avføring, må du vente 14 dagar etter at du er symptomfri før du kan gi blod.

Malaria

Dersom du har eller har hatt malaria kan du ikkje gi blod. Dersom du har vore i malariaendemisk område kortare enn 6 månader er karantenetida 12 månader. Eventuell malariatesting kan endre karantenetida. Ta kontakt med blodbanken.

Medisinbruk

Medisinbruk kan gjere at du tidsavgrensa eller permanent ikkje kan vere blodgivar, avhengig av årsak og type medisin. Ta kontakt med blodbanken.

Narkotiske middel

Personar som har hatt sporadisk/eingongsbruk av narkotiske middel som ikkje blir injisert har 1 års karantenetid.

Opphald utanfor Noreg

Dersom du eller din seksualpartnar har opphaldt seg i land med høg førekomst av sjukdommar som kan smitte med blod, er det variable karantenereglar som gjeld.
Sjå rettleiar for transfusjonstenesta i Noreg eller kontakt blodbanken. Spesielle epidemiologiske situasjonar kan nokre gongar gi karantene av varierande grad, for eksempel ved førekomst av vestnilvirus eller Zikavirus. Dette blir kunngjort av helsemyndigheitene. Ta kontakt med blodbanken.

Zikavirus

  • Dersom du har opphaldt deg i område med utbrot eller aukande førekomst av zikafeber kan du ikkje gi blod før det har gått minst 28 dagar etter at du har forlatt området.
  • Dersom seksualpartnaren din har vore i eit zikaområde, må du vente 4 månader etter at partnaren din har kome heim, før du kan gi blod igjen.

Piercing/tatovering

Har du tatt piercing eller tatovering må du vente i 6 månader før du kan gi blod. Dersom det er sett hol i slimhinner som nese, tunge, leppe, kinn eller kjønnsorgan kan du som hovudregel ikkje gi blod før 1 månad etter at nåla er tatt ut.

Seksualpartnar

Ny partnar gir karantene i 6 månader.

Tannbehandling

Vent i 24 timar før du gir blod. Ved rotfylling må du vente i 1 veke etter gjennomført behandling.

 

 

I tillegg er det varierande karantenar i dei tilfella der blodgivar har fått injeksjonar, endoskopi, har fått blod osv. Her har årsaka til behandlinga betyding for om det blir opptil 6 månaders karantene, eller om du du ikkje kan vere blodgivar lenger. Ta kontakt med blodbanken.

2. Under

Etter samtale med personalet tar du plass i ein stol på rommet for blodgiving. Den som skal tappe blodet ditt desinfiserer stikkstaden grundig og sjekkar identiteten din for å forsikre seg om at blodposane er merka med riktige etikettar.

Du får eit stikk i arma og gir 450 ml blod, dette er 10–12 prosent av blodet du har i kroppen. Samtidig blir det tatt blodprøver for testing. Du får eit plaster på stikkstaden, og skal klemme godt på dette dei første minutta etter blodgivinga. Plasteret kan du fjerne etter nokre timar.

3. Etter

Etter tappinga vil blodvolumet bygge seg opp igjen i løpet av nokre timar. For å unngå uheldige reaksjonar som følgje av væsketapet, bør du kvile i 10 – 15 minutt etter at du har gitt blod, i tillegg til å drikke rikeleg.

Unngå å anstrenge deg hardt fysisk dei første 24 timane etter at du har gitt blod. Unngå å stå oppreist lenge den dagen du har gitt blod.

Etter blodgivinga bør det gå minst 12 timar før du vender tilbake til farleg arbeid eller hobby. Dette gjeld for eksempel flygarar, buss- og togførarar, kranførerar, fjellklatrarar, dykkarar og folk som ferdast i stigar og stillas.

Kontakt blodbanken dersom du blir sjuk dei næraste dagane etter at du har gitt blod.

Ver merksam

Det er viktig at du melder frå til blodbanken dersom du opplev ubehag eller biverknader under eller etter blodgiving. 

Kontakt

Blodbanken Ålesund
Oppmøte
Blodbanken finn du i 1. etasje. Følg skilting til Blodbanken/blodgiving
Besøkstider
måndag - fredag 07.15-13.00
Telefon
70105602
måndag - fredag 07.15-14.45
.
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70105000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.